Undervisningsstillingar
Org. nr: - Stillingsident: 4197953998 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med å forma skulekvardagen hos oss? Me søkjer etter positive, motiverte og utviklingsorienterte kollegaer, som kan vere med å styrka det faglege og sosiale miljøet på skulane våre. Me har fokus på god klasseleiing, der elevane sine behov skal stå i sentrum. Ein må trivast i eit pulserande og hektisk miljø og ha evne til å stå i ein aktiv og variert skulekvardag.
I Tysnes kommune er det tre skular:
- Uggdal skule med 1.- 4.trinn
- Onarheim skule med 1.- 6.trinn, fådelt skule
- Tysnes skule med 5.-10.trinn
Me har fleire ledige stillingar, både vikariat for skuleåret 20/21 og faste stillingar. Me søkjer etter kompetanse innan fleire fagfelt, og ber om at du spesifiserar kva fagkombinasjon du har, samt kva trinn du pimært ønskjer å undervise på.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein tydeleg og aktiv klasseleiar
- Ha god fagkunnskap og vere ein som kan engasjere
- Sette elevane si faglege og sosiale utvikling i sentrum
- Bidra til å skape endring og utvikling
- Ha god kontakt med elevar og føresette
- Aktiv deltakar i team og kollegasamarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk opplæring etter gjeldande opplæringslov
- Det er ynskjeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk
- Erfaring frå arbeid i grunnskulen
- God kompetanse om læringsleiing, tilpassa opplæring og IOP-arbeid
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg
- Søkjar bør ha gode IT-kunnskap
- Den som vert tilsett må levera gyldig politiattest, jf. opplæringslova § 10-9
Personlege eigenskapar
- Du set elevane sin faglege og sosiale utvikling i sentrum
- Du er positiv, fleksibel, løysing- og utviklingsorientert
- Du er fagleg engasjert, raus og inkluderande
- Du evnar å arbeide sjølvstendig i kombinasjon med gode samarbeidsevner
- Det vert tillagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 60 - 100 %
- Faglege utfordringar i eit spanande og positivt arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter og stipendordning
- Gode pensjonsordningar gjennom SPK
- Løn etter kommunalt regulativ
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Aud Kaldefoss, Oppvekstsjef, 934 02 321, aud.kaldefoss@tysnes.kommune.no
Tonje Aakre, Personalrådgjevar, 921 67 016, tonje.aakre@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Tysnes kommune
Referansenr.:4197953998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.