Helgestillingar og tilkallingsvikarar
Er du interessert i heimebasert omsorg? Vi søkjer innovative og engasjerte tilsette til helgestillingar og tilkallingsvikariat i Heimetenesta - Selje/Stadlandet, Nordfjordeid og Bryggja!
Heimetenesta i Stad kommune har behov for fleire tilsette i helgestillingar og tillkallingsvikariat.
Helgestillingane er faste stillingar på 40 % med 20% frie timar. Skriv i søknaden kva avdeling du ønskjer å bli vurdert for stilling i.
Avdeling Selje/Stadtlandet har ledig 2 stillingar.
Avdeling Nordfjordeid har ledig 5 stillingar.
Heimetenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre faglege oppgåver, omsorg og behandling
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ønskeleg med fagutdanning innan helse og omsorg, men ikkje eit absolutt krav
Personlege eigenskapar
- Du jobbar for eit kontinuerlig godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Du likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ og ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane finn du her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden.
Stad kommune har 6 månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane!
Kontaktinformasjon
Tove-Lill Hjertenes, Avdelingsleiar Heimetenesta Nordfjordeid, 92 68 05 87Anne-Lise Teige, Avdelingsleiar Heimetenesta Selje/Stadlandet, 41002206
Anne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar Heimetenesta Nordfjordeid, 989 00 561
Ingrid Hjelmeland, Assisterande Einingsleiar Heimetenesta, 97530265
Arbeidsstad
Sekundær Fylkesvei 619 3606740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4788975588
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!