Einingsleiar/Fysioterapeut
Ortopedisk seksjon, Lærdal sjukehus, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar / Fysioterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. februar
Fast 100% stilling frå 01.04.2025: 50% einingsleiar og 50% fysioterapeut i drift.
Stillinga er for tida ei av 4 faste stillingar (leiar, 2 fysioterapeutar, 1 turnuskandidat i fysioterapi). Hovedtyngda av arbeidet er ved ortopedisk avdeling seksjon Lærdal. Omlag 50% av stillinga er knytt til Medisinsk avdeling.
Lærdal er ein fin, liten stad med store naturopplevingar i hagen din, med gode turmoglegheiter for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. Her har vi eit godt fagmiljø, samstundes er vi ikkje større enn at vi vert godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente. Vi har fleire sosiale samankomstar gjennom året og ønskjer deg velkommen til å vere med!
Einingsleiar blir ein del av leiargruppa til seksjonsleiar Medisinsk- og Ortopedisk seksjon.
Er du nysgjerrig, ta gjerna kontakt med seksjonsleiar!
Ved intern tilsetting, blir det ledig 100% stilling som fysioterapeut - skriv gjerna i søknaden om det er aktuelt!Arbeidsoppgåver
Einingsleiar:
- Einskapleg leiing med fag, personal og økonomiansvar i samsvar med Helse Førde sine prinsipp for leiing.
- Medarbeidaroppfølging
- Månadleg rapportering vedørande aktivitet og økonomi, budsettarbeid
- Deltaking i leiarmøte i seksjonen, avdelinga og klinikken.
- Kvalitetsarbeid som inkluderar internkontroll, avviksbehandling, forbetringsprosjekt osv.
- Deltaking i lokale, regionale, nasjonale prosjekt/utval
- Samhandling med både interne og eksterne partar
Fysioterapeut:
- Fysioterapi til postoperative ortopediske pasientar
- Poliklinisk vurdering/kontroll av ortopediske pasientar
- Del av tverrfagleg ortopedisk poliklinikk
- Fysioterapi til inneliggande indremedisinske pasientar
- Fysioterapi ved poliklinisk hjerterehabilitering
- Undervise på Lærings- og meistringskurs
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
- Det vert lagt vekt på leiarerfaring
- Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg.
- God datakunnskap / tryggleik i bruk av dataverktøy
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du må fremje god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt i organisasjonen
- Du må vere fleksibel, endringsvilleg, resultatorientert og beslutningsdyktig
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du må fysisk kunne delta aktivt i utandørs hjerterehabilitering
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Leiarstilling: lønn etter avtale
- Fysioterapeut: lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordninga
- Fagleg utvikling innan leiing
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med å skaffa bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon Lærdal sjukehus, (+47) 415 30 456Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4905018048
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir
Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon Lærdal sjukehus
(+47) 415 30 456
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2835690
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31720063cdb44a40a9e993fd4e360425