Ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO - indre
Stad kommune
Vikabakken 26, 6777 Stårheim, Skulevegen 75, 6770 Nordfjordeid, Haugen, 6773 Nordfjordeid, 6774 Nordfjordeid, Skulevegen 33, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO - indre
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i dag
Stad kommune har ledige stillingar som fagarbeidar ved grunnskulane i indre del av kommunen frå 01.08.2025. Vi har ledige både faste stillingar og vikariat, i heiltid og deltid.
- Eid ungdomsskule har 276 elevar fordelt på 8. - 10. trinn.
- Nordfjordeid skule har om lag 300 elevar fordelt på 1.- 7. trinn.
- Haugen skule og barnehage er eit oppvekstsenter med 80 elevar fordelt på 1.- til 7. trinn.
- Hjelle skule har 68 elevar fordelt på 1. -7 trinn.
- Stårheim skule har 49 elevar fordelt på 1. -7 trinn.
Stad kommune har til saman 8 kommunale grunnskular. Skulane er av ulik storleik og ligg geografisk spreidde i kommunen.
Vi har også ledige stillingar ved Selje skule, Flatraket skule og Stadlandet skule.
Du finn meir informasjon som stillingane i ytre del av Stad kommune her.
I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. Du kan lese meir om den her.
Meir informasjon om skulane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for aktivitet og leik
- Gje støtte i undervisninga
- Støtte og trygge enkeltbarn og barn i grupper
- Samarbeide til det beste for barna gjennom planlegging og personalmøte
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Ufaglærte med relevant praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan bli vurderte
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk både munnleg og skriftleg
- Du tek initiativ, har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
- Du har evne til å utvikle og tilpasse deg i møte med barn, ut i frå barna sine føresetnadar
- Du kan handtere ei stor barnegruppe
- Du er ein trygg omsorgspermisjon og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Godt lærings- og arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til fagleg utvikling
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon kan du ta direkte kontakt med den enkelte rektor.
Kontaktinformasjon
Peder Felde, Rektor Eid ungdomsskule, 970 32 761, peder.felde@stad.kommune.noAnne-Grete Eikås, rektor Nordfjordeid skule, 95 90 62 37, age@stad.kommune.no
Vivian Frøynes Melheim, rektor Haugen skule- og barnehage, 91 73 86 36, vivian.melheim@stad.kommune.no
Anne Langedal Bakke, Rektor Hjelle skule, 99 61 05 67, anne.langedal.bakke@stad.kommune.no
Monica Hellenes, rektor Stårheim skule, 95212176, monica.hellenes@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Vikabakken 266777 Stårheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4909291462
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2846209
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6937350fb3e84c9b9824b49fc7836af5