Prosjektleiarstilling Sande stadion
Gaular Idrettslag
Bygstadvegen 16, 6973 Sande i Sunnfjord, Hjemmekontor
Om jobben
Vil du ha ansvar for å styre og organisere utbygging av Sande stadion? Gaular idrettslag ser etter nokon som er interessert i ei 20% prosjektleiarstilling.
Stillingstittel
Prosjektleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 20%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Ømskjelege kvalifikasjonar:
• Erfaring som prosjektleiar er ein fordel
• Interesse for å skape noko i nærmiljøet saman med eit engasjert idrettslag
• Interesse for idrett
• Initiativrik
• Sjølvgåande og sjølvstendig.
Arbeidsoppgaver
📷
GIL ser etter ein Prosjektleiar som kan leie og organisere utbygging av Sande stadion;
Dette blir eit fleirbruks anlegg for medlemmar i alle aldrar. Vi har i 2023 jobba hovudsakleg med byggesteg 1 og til dels også byggesteg 2 i eit større prosjekt på Sande stadion. Steg 1 er bygging av frifotanlegg, som består av ei 7`ar kunstgrasbane (30mx50m) med 200 m løpebane rundt, samt lengdegrop og 60/100 m sprintbane. I tillegg til frifotbana vert det treningsfelt for fotball, gapahuk, lagerbygg, lysanlegg og stor aktivitetspark. Det vert og bygd nytt klubbhus.
GIL har aktive medlemmar som er delaktige i utbygging og som jobbar mykje dugnad for idrettslaget, men arbeidsmengda er stor og vi ønskjer å tilsette ein prosjektleiar som kan ta styring i det vidare arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
• Dialog med kommunen
• Innhente tilbod
• Søke midlar og støtte
• Forhandle med sponsorar
• Samarbeide med entreprenørar og leverandørar
• Sette opp og følgje tidsramme på prosjektet
• Lede dugnadsgruppene
Rapportere til styret i GIL
Vi tilbyr
Lønn etter avtale.
prosjektstilling på 20% er 1 års engasjement med mulighet for forlenging.
Fleksible arbeidstider som kan kombinerast med anna arbeid.
Om bedriften
Gaular IL blei stifta i 1934 -- vi har 751 medlemmer, og er ein bredde idrettsklubb med aktive grupper i fotball, handball, ski, alpint, friidrett, allidrett, klatring, trim, symjing og volleyball.
GIL eig og driftar anlegga Osen stadion, Sande stadion, Åbergsdalen alpinsenter, Langeland ski og fritidssenter (Førde IL og Gaular IL eig 50% kvar) og Kleiva hoppanlegg. Sunnfjord kommune eig og har overordna drift ansvar for hallane Bygstad idretts- og fritidspark og Gaularhallen, mens GIL står for dagleg vakthald.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2613547
- Sist endret
7. mai 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1fd473bc-2550-43e7-a64f-98013b8dbeda