Vi søkjer anestesisjukepleiar
Anestesienhet, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Anestesisjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. desember
Anestesi,intensiv og operasjonsavdeling har årleg ca 9000 anestesisesjonar, fordelt på fleire fagområde.
Ved operasjonsavdelinga jobbar vi innanfor fagområde som ortopedi, kar/endokrin, gynekologi/obstetrikk, gastrokirurgi, urologi, ØNH og Auge.
I tillegg er det utpostarbeid på m.a. røntgen-intervensjon, ØNH og ECT-behandling.
Anestesisjukepleiar er del av akuttberedskapen ved sjukehuset, m.a. som medlem av traumeteam, hjartestansteam og akutt-team i Mottak. Vi har ein allsidig praksis med mange utfordringar som gir oss ei brei erfaring.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon i sjukepleie
- Vidareutdanning i anestesisjukepleie
- Relevant sjukehuserfaring som anestesisjukepleiar
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må meistra norsk språk munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er fleksibel og tilpasningsdyktig
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er fagleg engasjert
Vi tilbyr
- Triveleg og inspirerande arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- God pensjonsordning / KLP
- Nærhet til fjord og fjell med gode muligheter for variert friluftsliv
For å kunna vurdera førerett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Tove Hestdal, Funksjonsleder anestesi, 47713925Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4888800742
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Tove Hestdal
Funksjonsleder anestesi
47713925
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797426
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d2dd267dbc5b4256914ca4727dc14806