Ferievikarar - Tenester for funksjonshemma
Beskrivelse
Det er behov for ferievikarar sommaren 2021.
Tenester for funksjonshemma er ei døgnbasert omsorgsteneste som gir tilbod til brukarar med ulike funksjonshemmingar. Tilbodet inneber hjelp til personleg stell, hjelp og opplæring i dagliglivets gjeremål og sosiale aktiviteter. Behovet for aktiviteter er varierande og er tilrettelagt utifrå den enkelte bebuar sine behov og ønskjer.
I fleire av turnusane ved Tenester for funksjonshemma er det langvakter, noko som medfører at du får lengre samanhengande friperiodar som ferievikar.
Alle som blir tilsett som ferievikar vil få minimum 80 % ferievikariat.
Behovet for ferievikarar er størst fom. veke 26 tom. veke 33.
Søkjarar må vere over 18 år ved Tenester for funksjonshemma.
Kvalifikasjonar
Interesse for fagområda. Utdanning innanfor faget er ønskjeleg, men andre kan og søkje.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.
Vi kan tilby
- Arbeid som ferievikar i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter kvalifikasjonar.
Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillingane.
- Det er ønskjeleg at søkjarar har førarkort klasse B.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.