Politibetjent 3/2/1 - GDE Sogn og Fjordane
Geografisk driftseining Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt
Hafstadvegen 51, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1 - GDE Sogn og Fjordane
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du jobba kombiteneste i Sogn og Fjordane? Sjekk denne annonsen!
Me har ledig faste og mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Me forventar også at det vil bli ledige stillingar framover. Dette er kombistillingar med arbeidsoppgåver innan førebygging, orden og etterforsking, der etterforsking utgjer i overkant av 50 prosent av innhaldet i stillinga.
Du som jobbar kombiteneste utgjer politpatrulja i distriktet. Den skal førebyggja, avdekka og etterforska kriminalitet. I tillegg skal politipatrulja yta publikum service, hjelp og vern når situasjonen krev det. Politiarbeid på staden (PPS) er ein sentral arbeidsmetode for politipatruljen, og bind saman politioperativt arbeid med etterforsking og førebyggjing.
Arbeidsdagen vår er spennande, variert og hektisk, der det er behov for å snu seg rundt på kort varsel. Du får brukt heile deg!
Medarbeidarane våre fortel om eit ope og inkluderande arbeidsmiljø med godt ytrings- og samarbeidsklima.
Er du framoverlent, fleksibel, anvarsfull og evnar å jobba sjølvstendig med varierte oppgåver i eit mindre lokalmiljø? Då er det kanskje nettopp deg me treng i Sogn og Fjordane!
Arbeidsoppgåver
- Kombinert teneste (førebygging, etterforsking og patrulje)
- Vakt og beredskap i turnusteneste etter dei til ei kvar tid gjeldande tenestelister. Beredskapsvakt må påreknast
- Utføra etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- Andre oppgåver pålagd av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden (trykk for vedlegg)
- Søkjar må være IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
- Søkjar må vera godkjend som utrykkingssjåfør eller kvalifisert og villig til å bli det
- God munnleg og skriftleg framføring
- Dokumentert relevant erfaring frå politi- og lensmannsetaten blir vektlagt
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Uttømmande og utvida politiattest må innhentast ved evt. ansettelse jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Personege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner og evne til å skapa samhald og trivsel
- Fleksibel med omsyn til arbeidsplass og oppgåver
- Vera tilpassingsdyktig, lojal og pliktoppfyllande
- Engasjerer i samfunnsoppdraget og motivert for oppgåvene du blir satt til å løysa
- Særleg kunnskap om og motivasjon for å bli og utvikla deg i GDE Sogn og Fjordane vil bli etterspurd og vektlagt
Me ynskjer også at du er modig og heilskapsorientert, samt at du viser respekt og er tett på. Me jobbar saman for fellesskapets beste i tråd med lovar, reglar og verdiane våre.
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Stillinga vert løna som politibetjent 3/2/1, SKO 1461/1459/1457 frå ltr 44 / kr 460 600,- til ltr 64/ 624 500,- kr brutto per år.
- Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 i samsvar med gjeldande kompetansekriteriar for Pb2 og
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Pb3.
Generelt
Politiet meinar at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløsning. Dersom det er mogeleg, så vil me tilretteleggja for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så skal me innkalla minst ein søkjar i kvar av desse gruppena til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppena, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkjar oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så oppfordrar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkrysningane legg grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar på i sine årsrapportar.
Du kan lesa meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Magne Straumstein, Tenesteeiningsleiar, 46628080Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidssted
Hafstadvegen 516800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4852951103
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 16.10.2024
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2758583
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6d66369debaa42a4bcb7bc470447591c