Pleiemedarbeidar natt
Kort om stillinga
Ved Vinjar bu- og omsorgssenter er det ledig 16,9 % vikariat som pleiemedarbeidar f.o.m. 15.08.2020 t.o.m. 11.01.2021. Stillinga er på natt kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
Heimesjukepleie og praktisk bistand.
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande arbeid.
Språk
Søkjaren må beherska norsk skriftleg og munnleg.
Generelt/Søknad sendast
Personell som yt helse- og omsorgstenester i Suldal kommune skal leggja fram politiattest ved tilbod om stilling. Politiattesten skal visa om vedkomande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller dømd etter straffelova, og attesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett kan ta kontakt med Servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.