Barne- og ungdomsarbeidar - 100 %vikariat ved Giske oppvekstsenter, barnehage
Org. nr: - Stillingsident: 4243532185 Presentasjon av stillingen:
Giske oppvekstsenter, barnehage, har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.2020 - 31.07.2021.
Ved tilsetjing blir det i tillegg til formell kompetanse lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg vaksenperson som er tilstades for barna
- Vere engasjert i barna sin leik
- Sette deg godt inn i alle rutinane
- Bistå med praktiske oppgåver (måltid, påkledning)
- Samarbeide med kollega og foreldre/føresette
- Rettleie barn i leik til løysing av konflikt og til å sette eigne grense
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå barnehage eller tilsvarende arbeid.
- Framandspråklege søkjarar må beherske norsk godt, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Liker å arbeide med barn
- Leiken, aktiv og initiativrik
- Glad i å vere ute
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Elias Martinus Valderhaug, konstituert styrar, 91313027
Arbeidsstad
Bedehusvegen 1
6052 Giske
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Giske kommune
Referansenr.:4243532185
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.06.2020
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.