Lærarstillingar i Vanylven kommune
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstillingar i Vanylven kommune
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Det er ledig inntil seks stillingar som lærar for fast tilsetting og vikariat i Vanylven kommune frå 01.08.2025.
Kommunen har tre grunnskular
Myklebust skule, 1-10 skule
Fiskå skule, 1-7 skule
Åheim skule, 1-10 skule
I tillegg kan det bli aktuelt med lærarstillingar i pedagogisk vikarbank, alternativ opplæringsarena (VAOA) og voksenopplæringa.
Vanylven kommune arbeider med fagfornyinga med fokus på sosialkompetanse/IBSM og lesing skuleåret 2025 - 2026. Vi har fokus på mestring, utvikling, erfaringsdeling og samarbeid mellom skulane våre. Vi ønskjer tilsette med god klasseleiing, samarbeidsevne, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles skule i utvikling.
Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg fagkompetanse innan spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, engelsk, matematikk og norsk.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og vurdere ordinær og tilpassa undervisning- Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt
- Systematisk arbeid med å skape gode relasjonar og eit trygt og godt skulemiljø for elevane
- Samarbeide med vekt på å auke elevane sitt læringsutbytte
- Målretta fagleg og sosial oppfølging av elev og elevgruppe
- Samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg fagkompetanse innan engelsk, matematikk, norsk, tysk, spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, og norsk som andrespråk.
- godkjent allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.
- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- god kometanse på klasseleiing, fag, samarbeidsevne og evne til å vere med å skape eit profesjonsfellesskap
- anna relevant utdanning
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt i intervju og ved referanse
Personlege eigenskapar
Du er
- utviklings- og løysingsorientert
- ein tydeleg, robust og inkluderande klasseleiar
- god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
- omgjengeleg, initiativrik og fleksibel
- flink til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
- god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- deltakande og bidreg i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremjar eit godt skule-heim samarbeid
Tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest
Vi tilbyr
Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven
kommune kan du få nedbetalt studielån opp til 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare
retningslinjer. I tillegg har vi gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar.
Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema.
CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Sylvia Baade, rektor, 97030004, sylvia.baade@vanylven.kommune.noOle Martin Brudevoll, Rektor Åheim skule, 98892465, ole.martin.brudevoll@vanylven.kommune.no
Lena Landsverk Sande, Rektor kulturskule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no
Frode Vik, kommunalsjef kultur og oppvekst, 99288600, frode.vik@vanylven.kommune.no
Janne Kristin Torvanger, skulefagleg ansvarleg, 45257521, janne.kristin.torvanger@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4916979244
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855349
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a0caec4b6a644bbbbfe7182b0b6cdb31