Hjelpepleiar/Helsefagarbeidar
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Hjelpepleiar/Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ved medisinsk sengepost 5 ved Ålesund sjukehus, ledig 75% fast stilling som hjelpepleiar/helsefagarbeidar.
Stillinga inneber 2 -delt turnus og arbeid kvar tredje helg. Tiltredelse etter avtale.
Medisin 5 er ein akuttmedisinsk sengepost som per i dag består av 22 sengeplassar, fordelt mellom seksjon for slag, geriatri og ortogeriatri. I tillegg har vi pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Vi søkjer etter deg som liker utfordringar, har høg arbeidsmoral og gode samarbeidsevner. I tillegg må du ha fokus på å yte god helsehjelp til kvar enkelt pasient! Vi kan tilby bratt læringskurve, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse hos dei ansatte.
Håper å høyre frå deg!
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til CV. Vi ynskjer at ein oppgir minimum to referansar!
Arbeidsoppgåver
- Stell, pleie, observasjonar og aktivisering av innlagte pasientar
- Pre- og postoperativ oppfølging
- Oppgåvegliding frå sjukepleiar til helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Forefallande arbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Initiativrik
- Pasientorientert
- Praktisk og fleksibel
- Evne til å samarbeide
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Kunne medverke til det gode arbeidsmiljøet
Å vere personleg eigna for stillinga blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass med fokus på arbeid innan nærvær og trivsel
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd (IA-bedrift)
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med festivalar og konsertar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter, som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Du kan lese meir om regionen vår her.
Kontaktinformasjon
Gunn Elin Søbstad Olsen, Seksjonsleiar, +47 70105900, Gunn.Elin.Sobstad.Olsen@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4788126843
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2608094
- Sist endret
17. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e7ab3df617574975922ee55fe4ecf079