Sjukepleiar 22% tredelt turnus
Akuttmottak og observasjonspost Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 22%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
I akuttmottak og observasjonspost på Stord har me ledig vikariat som sjukepleiar 22 % stilling, i tredelt turnus. I stillinga inngår 16 arbeidshelger/år. Enkelte dag- eller kveldsvakter kan førekomme. Stillinga er ledig frå nå og til 31.01.25
Arbeidsoppgåver
- I stillinga inngår arbeid i akuttmottak og observasjonspost ved Stord sjukehus.
- Som sjukepleiar i akuttmottak møter ein sjuke og skadde pasientar i alle aldersgrupper.
- Du jobbar både sjølvstendig og som eit del av eit større team i ein variert og utfordrande arbeidsdag.
- Ta del i oppgåver som ligg i avdelinga
- Mottak og triagering av pasientar og nødvendig oppfølging
- Veiledning av sjukepleiarstudentar i medisinsk praksis
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Søkjarar må ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta.
- Søkjarar bør ha erfaring med arbeid frå akuttmottak
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø også på tvers av profesjonar
- Du må kunne takle akutte situasjonar og utøve fagleg klinisk blikk
- Du har høg arbeidsmoral og er villig til å tileigne deg kunnskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er engasjert i faget og viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottek gjerne hjelp
- Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, er fleksibel og løysingsorientert
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid i akuttmottak
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
- Relevant opplæring
- Eit aktivt, positivt og triveleg arbeidsmiljø med stolte medarbeidarar
- Fagleg utvikling
Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne Møklebust, Funksjonsleiar, 97574977Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4782695335
Stillingsprosent: 22%
Vikariat
Søknadsfrist: 26.03.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2589162
- Sist endret
27. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de8e2fcee35d4e689d8c5fcb8cecb39f