ID 2170 Personalrådgjevar - Lønn og personalavdelinga
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Personalrådgjevar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Lønn og personal er organisert under Kommunedirektøren si leiargruppe og er einingane si støtte i saker knytt til HMT, rekruttering, arbeidsmiljø, lønnsfastsetting, lønnsutbetaling, forhandlingar, pensjon, forsikring, personalreglement, permisjonar, fråværsregistrering m.m. Lønn og personal har tett samarbeid med dei hovudtillitsvalde og hovudverneombodet i kommunen.
Avdelinga har ledig fast 100% og 80% stilling som personalrådgjevar.
Skriv i søknaden om du søkjer på begge eller berre ein av stillingane.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Opplæring, rådgjeving og støtte til leiarar innan rekruttering, kompetanseutvikling, personaladministrasjon, samt lov og avtaleverk
- Saksbehandling og rettleiing innan personalområdet
- Bidra til og legge til rette for arbeid med vår arbeidsgjevarpolitikk og prosessar knytt til dette, ut i organisasjonen
- Andre relevante oppgåver innan vårt ansvarsområde
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endring i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant utdanning på bachelornivå, gjerne innan HR, personalleiing, juss eller organisasjonspsykologi. Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
- Det er ønskeleg med erfaring frå tilsvarande rolle
- Erfaring med bruk av dataverktøy, aktuelle dataprogram er Agresso (økonomisystem), elements (sak / arkivsystem)
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me kan tilby:
- Løn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Ein spanande jobb med faglege utfordringar
- Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv organisasjon med eit uformelt arbeidsmiljø
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar hos avdelingsleiar løn og personal Sverre Hagerup Sørensen tlf. 48607908.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2608626
- Sist endret
22. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1e28dde2-fd72-422b-9690-9f54955d7e07