Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Avdeling for rusmedisin
Helse Bergen
Hatleveien 7D, 5038 Bergen, Øvregaten 37, 5003 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Avdeling for rusmedisin (AFR)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. desember
AFR tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. AFR har om lag 600 tilsette og ti kliniske seksjonar som tilbyr avrusing, stabilisering, poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium, LAR-behandling og ambulante tenester. Vi har også det einaste medikamentfrie behandlingstilbodet i vår region for unge mellom 18 og 40 år.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa. Oppgi kva avdeling(ar) du søker og når du kan starte i stillinga. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. For desse stillingane er det krav om Norsk autorisasjon.
* Seksjon Dr. Martens
Tvangspost: har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar. Pt 2-delt turnus, kvar 3 helg, eigne nattevakter.
* LAR poliklinikk har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse og rus. Stillinga er for tida i Øvregaten der LAR Omegn og LAR Bergenhus er samlokalisert. Dagarbeid, det kan bli aktuelt med arbeid kvar 6. laurdag.
Ein blir tilsett i 100% fast stilling i AFR, pt ved ein av våre avdelingar. Her kan du lese meir om AFR
Arbeidsoppgåver
Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin (AFR) i Helse Bergen. institusjonen ligg i Ytre Sandviken. Vi gir tilbod om behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Dr. Martens inneheld for tida ein avrusing/korttidspost, samt ein tvangspost.
Tvangspost: Sengeposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing, stabilisering samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindra akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår. Arbeid kvar 3 helg, dag/ettermiddagsvakter.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid, du har engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap. For å oppretthalde samasettinga av personalgruppa oppfordrast menn om å søke.
Kontakt: Hege Ramsli Njøten, Tlf. 94507983 eller Kato Oksnes, Tlf. 92415709
LAR poliklinikk Øvregaten Legemiddelassistert rehabilitering er eit behandlingstilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling til personar som er avhengige av heroin eller andre opioid (morfinliknande stoff). I behandlinga nyttar ein legemiddel som inneheld metadon eller buprenorfin, eller både buprenorfin og nalokson (t.d. Suboxone). Bruk av desse legemidla gjer at pasientane ikkje lenger har behov for heroin. Det gjer rehabilitering og behandling av andre lidingar hos pasienten mogleg. Oppgåver vil vere oppfølging av pasientar i LAR, medisinutdeling og samarbeid med andre instansar.
Kontakt: Anny Berge tlf 41124126
- Du har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar eller vil få dette desember 2024/januar 2025
- Det er ønskeleg med erfaring innan fagfelta Psykiatri/Rus og ein må meiste norsk skriftleg og munnleg
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdende og ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer og du trivst i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Hatleveien 7D
5038 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4887305590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2795267
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cd4dd03c5d414e448f258c886d06cb88