Rektor Lye ungdomsskule
Org. nr: - Stillingsident: 4259378863 Presentasjon av stillingen:
Me søker ein rektor som er engasjert og har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Du har analysekompetanse og strategiar for å kunna leia prosessar til det beste for elevane. Ditt fokus er på overordna nivå, og saman med assisterande rektor legg du til rette for prosessar og leiing av lærarane si læring og utvikling. Rektor er einingsleiar og har med det også personal og økonomiansvaret på skulen.
Skulen ligg sentralt på Lye ca 6 kilometer frå Bryne. Det er ca 85 elevar frå 8.-10. klassetrinn med 16 tilsette. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitetar også i friluft. På Lye ungdomsskule er lokalmiljøet opptekne av skulen sin, engasjerer seg og deltek aktivt i samhandling med skulen.
Skulane i Time er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Lye ungdomsskule er i leiarnettverk saman med Frøyland ungdomsskule, Vigrestad storskule og Varhaug ungdomsskule. Alle skulane utformar planar der dei set utviklingsmål ut frå analysar av læringsmiljøet og læringsresultat.
Lye ungdomsskule sitt utviklingsområde har tittelen «Alle elevane ved Lye ungdomsskule har lærelyst». Målet er at elevane skal vera medverkande i vurdering av eige arbeid, dei skal oppleva ei undervisning som er praktisk og dei skal oppleva framgang i si læring.
Den digitale satsinga i Time kommune medfører at alle elevane på Lye ungdomsskule har kvar sitt læringsbrett (iPad). Det vert gjeve kompetanseheving knytt til dette i kollegiet, og er del av fokus i vidare utviklingsarbeid.
Som rektor har du:
- Ansvar for elevane sine læringsresultat og læringsmiljø
- Ansvar for at skulen sitt samfunnsoppdrag vert innfridd
- Ansvar for at skulen fungerer godt som organisasjon, og som del av overordna system
- Ansvar for at det skjer utvikling og endring i takt med endringar internt og eksternt
- Eit avklart forhold til eiga leiarrolle og leiarskap.
Kvalifikasjonar
Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Me ser etter ein leiar med som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver som mellom anna økonomi, personaloppfølging og lovverk. Du har mot til å meina og du kan leia eit motivert kollegium vidare. Det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing, eller at du tek leiarutdanning innan to år dersom du ikkje har dette som del av utdanninga.
Personlege eigenskapar
- Evna å leia strategisk, leia utviklings- og endringsprosessar og leiing av kompetanseutvikling
- Tilstrekkeleg god fagkompetanse og legitimitet
- Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator og konfliktløysar
- Evna å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.
- Evna å tilpassa eige leiarskap til eigen personlegdom, eigne føresetnadar, styrkar og svakheiter
Me tilbyr
Ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø. Du vil vera del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av spanande leiarnettverk i Jærskulen. Det er tett kontakt med fagstab skule og nettverkssamarbeid som støtte og utvikling for deg som leiar. Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Kontaktinformasjon
Pamela Sudmann, Skulesjef, 93830972
Arbeidssted
Kvartsvegen 5A
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time Kommune
Referansenr.:4259378863
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 23.08.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.