Psykologspesialist
Akutt Døgn, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. desember
Stillinga er for tida plassert på Akutt Døgn. Psykologspesialisten inngår i behandlarteam saman med overlegar, legar i spesialisering (LIS) og sosionom.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med Akutt Døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Vi har erfaringskonsulent, musikkterapeut, aktivitets - og treningseining.
Akutt Døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Helse Førde er vårt opptaksområde med ca 110 000 innbyggere. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt Døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungent psykisk helsevern.
Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg!
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, diagnostisering, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane
- Viktige samarbeidspartar vil vere fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta. Den som blir tilsett vil vere med og utvikle tenestetilbodet
- Handtere tvang i samsvar med lovverket
- Samarbeid med pårørarande
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med norsk autorisasjon i klinisk psykologi med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernlov
- Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Førarkort klasse B
- Erfaring ifrå spesialisthelsetenesta og arbeid med alvorlege psykiske lidingar
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Prosess og løysingsorientert
- Du tåler å stå i krevjande situasjonar.
- Du kan ta avgjersler som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Roger Lundekvam, Seksjonsleiar, 578 39 488Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4888415382
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Roger Lundekvam
Seksjonsleiar
578 39 488
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2803402
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6c0fc6fd165e401ba9328e148c48ea4f