Vikarar i Aukraskolen
Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole
Nyjordvegen 25, 6480 Aukra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar, miljørettleiar, assistent og barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Skolane i Aukra kommune har jamt behov for vikarar. Kan det vere noko for deg?
Vi har både behov for lærarvikarar og personar som heller kan tenke seg å vere vikar for miljørettleiar i skole eller SFO. Du kan vere den som har formell utdanningsbakgrunn som gjer deg aktuell for å jobbe i skolen, du kan vere ein med erfaring frå å jobbe med barn og unge i eller utanfor skolen, eller du kan vere studenten som tenkjer at det å jobbe i skolen høyrast spanande ut. Du bestemmer sjølv kor mykje du kan eller vil jobbe.
På skolane i Aukra kommune vil du bli tatt godt imot av elevar, tilsette og leiing, og du vil kome til ein hektisk og interessant jobbkvardag.
Dersom du har rett bakgrunn, vil du ut frå eige ønske bli sett på vikarpoollista til ein eller begge skolar. Alle som søkjer vil få tilbakemelding.
Vi ønsker at du melder deg til teneste så snart som råd, men moglegheiten for å søke vil ligge open heile skoleåret.
Særskilte kravDet vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
PrøvetidGjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
SøkarlisteOm du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendastAukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad". Du veljer den skolen du vil søke deg til, evt. om du er aktuell for begge skolane, skriv gjerne det i søknaden til den eine (du treng ikkje sende søknad på kvar av skolane).
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2803107
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3431559_193057_nn