Eventplanlegger
Norges Handelshøyskole (NHH)
Helleveien 30, 5045 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Eventplanlegger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga og Servicesenteret
Vi ser etter deg som likar å planlegge og organisere, og som har god kunnskap om gjennomføring av arrangement. Du er god til å halde oversikt over detaljane og finne løysingar der det trengs. Du samarbeider godt med ulike menneske og likar å yte framifrå service.
Som vår nye eventplanlegger vil du bidra til at NHH arrangerer profesjonelle og godt organiserte konferansar og andre arrangement som representerer NHH på ein god måte. Stillinga er ei fulltidsstilling (100 %), og er primært retta mot arrangement, men du vil også være kjent med Servicesenteret sine andre arbeidsoppgåver.
Stillinga ligg under Servicesenteret på NHH, kor vi jobbar med å tilby tenester til studentar, tilsette og gjestar på høgskulen. Vi koordinerer ei rekke tilbod, til dømes fysiske og digitale konferansar, telefon- og e-postkommunikasjon, onboarding av nye tilsette og utleige av NHHs eigedommar. Servicesenteret er sentralt plassert på NHH, som del av Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søke stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Hovudoppgåver er å
- planlegge og gjennomføre fysiske og digitale konferansar
- koordinere internt og sette opp køyreplanar for alle typar event
- koordinere og følge opp bestillingar for mat, rigging, teknisk bistand, vakthold m.m.
- være bindeledd mellom NHH og leverandørar (mat, teknisk støtte m.v.)
- oppdatere retningslinjer og rutine- og prosessbeskrivingar
- delta i det øvrige arbeidet ved Servicesenteret ved behov
Oppgåvene vil kunne endre seg over tid.
Kvalifikasjonskrav
- utdanning på minimum bachelornivå (relevant realkompetanse kan i særlege unntakstilfelle erstatte utdanningskravet)
- relevant arbeidserfaring med praktisk organisering og gjennomføring av arrangement
- gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
- gode IT-kunnskapar
Det er ein fordel med
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- jobbar godt og systematisk under press og meistar høgt tempo
- er god til å halde oversikt over mange detaljar
- evner å tenke nytt og utvikle gode løysningar
- trivst med varierte oppgåver
- har evne til å samarbeide godt med ulike menneske og etablere gode relasjonar
NHH tilbyr
- sjansen til å jobbe med anerkjende konferansar
- moglegheit til å jobbe i et profesjonelt og internasjonalt miljø
- varierte faglege utfordringar
- eit godt arbeidsmiljø
- gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- inkluderande arbeidsliv
- velferdsgode som subsidiert trening hos Sammen, bedriftshytte og gratis parkering
Stillinga har kode 1363 - seniorkonsulent og er lønna etter statens regulativ frå kr. 524 300 – 584 100 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir tekst frå lønna. I tillegg betalar NHH for tida eit pensjonsinnskot på 9,8 prosent.
Generell informasjon
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentliggjorde sjølv om søkjarane har bede om å vere unnatekne frå søkjarlista. Søkjarar vert orientert om dette på førehand.
Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonsleiar for Servicesenteret, Endre Adolfsen, tlf. +47 922 01 556 eller endre.adolfsen@nhh.no.
Søknadsfrist: 14.06.2023.
Om bedriften
Om NHH
Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi er internasjonalt akta for forskingsmiljøet vårt, og vi utdannar framtidas økonomar og leiarar. NHH er førstevalet til studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg. Vi har om lag 3 600 studentar og 450 tilsette.
På NHH arbeider vi saman for berekraftig verdiskaping.
Høg kvalitet, solid etisk standard og innsats for felles mål pregar all verksemda vår. Høgskolens kjerneverdiar engasjert, open og ambisiøs står sentralt for tilsette og studentar.
NHH – for deg som vil noko meir!
Sektor
Offentlig
Nettsted