Fagansvarleg partnar- og æresrelatert kriminalitet
FEFE - Seksjon for førebygging, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Storgata 43, 6508 Kristiansund N, Strandgata 2, 6415 Molde, Torvmyrane 11b, 6160 Hovdebygda
Om jobben
Stillingstittel
Fagansvarleg partnar- og æresrelatert kriminalitet
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. januar
Vi har ledig vikariat som fagansvarleg innan partnar- og æresrelatert vald, politioverbetjent SKO 0287, ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforskning (FEFE), seksjon for førebygging.
Stillinga inneber arbeid med risikovurdering og førebygging av partnar- og æresrelatert vald, å koordinere og rettleie politidistriktet sin samla innsats i desse sakene.
Du vil samarbeide med andre etatar og bidra til kompetanseheving og auka kunnskap innan fagfeltet, både internt og eksternt. I stillinga får du ansvar for rettleiing i etterforsking og førebygging av æresrelatert kriminalitet.
FEFE består av seksjon for Statens barnehus, seksjon for etterretning og analyse, seksjon for førebygging og seksjon for etterforsking. Stillinga er for tida organisert ved seksjon for førebygging. Oppmøtestad er stadsuavhengig i politidistriktet. Reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å utøve einsarta handsaming av saker innanfor vald i nære relasjonar og æresrelatert kriminalitet
- Rettleie og kvalitetssikre saker innan fagområdet
- Halde deg fagleg oppdatert innan området og vere pådrivar for utvikling av metode- og virkemiddelbruk
- Sette i verk gode og hensiktsmessige rutiner for samarbeid og praksis
- Delansvar familievald saman med trusselkoordinator i politidistriktet
- Vere rådgjevar og kontaktperson for kompetanseheving og erfaringslæring i samarbeid med interne og eksterne etatar
- Delta i ulike utval med eksterne samarbeidspartnarar
- Gjennomføre opplæring av personell i politidistriktet i samarbeid med politidistriktet sine fag- og opplæringsansvarlege
- Må pårekne ein del reiseverksemd
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politihøgskule/politiskule
- Fenomenkunnskap om vald i nære relasjonar og æresrelatert vald
- Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Minimum innan norsk og engelsk
- Gode brukarferdigheiter innanfor IKT-arbeidsplattformane til politiet
- Krav om sikkerhetsklarering og autorisering til BEGRENSET
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i samband med skikkaheitsvurdering, jf. politiloven § 18 og og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg:
- Kompetanse og erfaring innan førebygging
- Erfaring innan etterforsking og førebyggande risikoanalyse og risikohandtering
- Etterretning modul 1 - introduksjon
- Kompetanse innan kulturforståing og mangfold, konflikthandtering og kriminalitetsførebygging, samt undervising eller rettleiiing
- Erfaring med førebyggende risikoarbeid og bruk av verktøya SARA og Patriark
- Gode evner til å kommunisere på andre språk
- Utvida kompetanse innanfor INDICIA og ROS analyse
Personlege eigenskapar
- Evne til samhandling med interne og eksterne aktørar/etatar
- God gjennomføringsevne
- Løysningsorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig og ansvarleg
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Midlertidig stilling som politioverbetjent, stillingskode 0287, i Møre og Romsdal politidistrikt
- Brutto årslønn for politioverbetjent frå og med kr. 657 300 til kr. 745 000
- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelsetjeneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Arild Helland, 41440486Arbeidsstad
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4903926143
Stillingsprosent: 100%
Førebels
Startdato: 03.03.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 27.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Arild Helland
41440486
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2831982
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff7c209475084112bb9fd6f6614271b2