KFUK-KFUM Sogn og Fjordane søkjer prosjektleiar for ungdomssatsing (3-årig) 100% stilling
KFUK-KFUM Sogn og Fjordane, Eid kyrkjelege fellesråd (heretter Eid/Stad) og Bjørgvin bispedømme går saman om eit felles prosjekt med mål om å utvikle og styrkje ungdomsarbeidet i Eid/Stad. Med utgangspunkt i unges lokale behov og interesser skal prosjektet utvikle og etablere eit framtidsretta og attraktivt programtilbod for ungdom (11-19 år), derunder leir- og festivaltilbod, konfirmant og trusopplæringstiltak, samt leiartrening for ungdom, m.m. Prosjektet vil byggje på enkelte etablerte tilbod til målgruppa, samtidig som det er ønskeleg med at prosjektleiar har blikk for utviklingsarbeid og bidrar med nytenking. Vidare skal prosjektet etablere gode samarbeidsformer mellom KFUK-KFUM og Den norske kyrkja lokalt og bidra til mobilisering av frivilligheit tilknytt prosjektets aktivitetar.
Brenner du for å skape opne og trygge møteplassar for unge menneskjer? Ønsker du en verdibasert jobb der du kan bruke deg sjølv og dine eigenskapar? Søkjer du en innovativ jobb som kombinerer prosjektleiaroppgåver med praktiske gjennomføring?
Sentrale oppgåver vil vere:
- Gjennomføre prosjektet i tråd med prosjektavtale og målsettingar.
- Arbeide for vekst og utvikling innan ungdomsarbeidet.
- Planlegge og gjennomføre arrangementet, gudstenester, leirer, kurs og leiartrening.
- Mobilisere og koordinere frivillige.
- Nettverksbygging og formidling.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning eller relevant dokumentert arbeidserfaring.
- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge team og relasjonar.
- Gjennomføringsevne og erfaring med prosjektarbeid.
- Erfaring fra barne- og ungdomsarbeid.
- Kirkelig eller teologisk kompetanse kan være en fordel.
- Søkjar må arbeide i samsvar med Noregs KFUK-KFUM sin visjon, ideologi og verdiar.
- Ha sertifikat klasse B/bil.
- Søkjar bør kunne skrive nynorsk.
Rammer for stillinga:
Prosjektleiar vert tilknytt KFUK-KFUM Sogn og Fjordane sitt team, beståande av programarbeidar og dagleg leiar, med sistnemnte som nærmaste overordna. Prosjektleiar rapporterer til ei styringsgruppe, beståande av partane i samarbeidet. Prosjektet retter seg i særleg grad mot i Eid/Stad, men vil gjennom enkelte prosjektaktiviteter rette seg mot omkringliggande kyrkjelydar og Nordfjord prosti som heilheit.
Prosjektleiar vil ha kontorplass i Eid Kyrkjetun og samarbeide tett med lokalt kyrkjeleg tilsette i Eid/Stad og i regionen. Det er ønskeleg at prosjektleiar bur i Eid/Stad kommune -- og Eid Kyrkjelege Fellesråd kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad i Eid om nødvendig.
Frå 01.01.2020 vert Eid kommune og Selje kommune til nye Stad kommune med ca 9.500 innbyggjarar og ein fantastisk natur heilt frå inst i enden av Hornindalsvatnet til ytterst mot storhavet på Vestkapp/Stadlandet. I kommunen finn ein også Selja klosterruin og helgenanlegg (St. Sunniva).
Nordfjordeid er kommunesenter med alle kommunale sentrale funksjonar, vidaregåande skule, folkehøgskule og sjukehus for Nordfjord. I kommunen finn ein elles både alpinanlegg og fleire lysløyper. Nordfjordeid har også eige opera- og kulturhus (Operahuset Nordfjord) og eit rikt utbygd idretts- og musikkliv/kulturskule. Nordfjordeid er også handelssenter i Nordfjord-regionen med eit svært variert butikktilbod. Frå 2019 vert vi også anløpsstad for cruiceskip -- og vil sjølvsagt nytte dette til også å vise fram kyrkjene våre
Vi kan tilby:
- En jobb med store faglege og personlege utviklingsmoglegheiter tilgang til alt av erfaringsgrunnlag, konsept, ressursmateriell og støttefunksjonar i Noregs KFUK-KFUM.
- Fleksibel arbeidstid. Må berekne en del arbeid ettermiddag/kveld/helg, men med moglegheiter for å avspasere for eksempel i forbindelse med rolegare periodar, eks i skolens ferier.
- Lønn etter Norges KFUK-KFUM sitt regulativ, med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Tilsetting vil skje snarast råd etter avtale med jobbsøkjar. Politiattest må leggjast fram.
Nærare informasjon hos dagleg leiar Bente Christin Eriksen tlf.:911 73 079/mail: bente.christin.eriksen@kfuk-kfum.no
Søknad med CV sendast til: personal@kfuk-kfum.no
Søknadsfrist: 15.09.2019
Om bedriften
KFUK-KFUM er ein landsdekkande kristen barne- og ungdomsorganisasjon med over 15 000 medlemmer og 550 einingar.
Føremålet til KFUK-KFUM er å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med ånd, sjel og kropp. Vi vil hjelpe menneske å leve og vekse i tru på Jesus Kristus og mellommenneskeleg forståing, samt utfordre til engasjement og handling i kyrkje og samfunn, lokalt og globalt.
Slagordet vårt er: Ver deg sjølv. Stå opp for andre.
KFUK-KFUM er ein del av ei global rørsle gjennom medlemskap i World YWCA og World Alliance of YMCA.