ID 2249 Barnehagelærar - Skogatufto barnehage
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Skogatufto barnehage er ein kommunal barnehage, lokalisert tett opp til Leirvik sentrum, lokalt næringsliv og eit variabelt friluftsområde. I barnehagen jobbar me 20 personar med stort engasjement for våre barn, deira føresette og for kvarandre. Me har godt humør, god kompetanse og ønskjer stadig å utvikle oss. Me gleder oss over barna og kvarandre sine små og store suksessar. No treng me ny barnehagelærar med på laget; kanskje er det nettopp deg?
Me har ledig fast 100% stilling som barnehagelærar. Barnehagen søkjer etter deg som-
er utdanna barnehagelærar
-
likar å kontinuerleg jobbe saman med andre for å vidareutvikla ein god barnehage der barnet sitt beste er i fokus
-
har arbeidsglede og arbeidsmot
-
veit og toler at motstand og utfordringar kan gje vekst
-
er god på å bygge relasjonar til barn og vaksne
-
både aleine og saman med barnehagelaget bidreg med å planlegge, utføre og følgje opp i tråd med vårt rammeverk
-
er positiv innstilt og initiativrik, men tør og å vere konstruktivt kritisk
-
er strukturert i skriftleg arbeid og oppfølging av oppgåver
-
har evne til å skapa eit trygt og godt lærings- og leikemiljø, ut frå barna sine behov
-
er ein bevisst, tydeleg rollemodell både for barn og vaksne
-
punktleg og til stades
-
setje i verk og drive fram pedagogisk arbeid, utøvd med godt fagleg skjønn
-
planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn/barnegruppe
-
saman med pedagogisk leiar og andre
-
rettleiing av personale og foreldre
-
tverrfagleg samarbeid
-
bidra til og leie fram prosjekt- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonskrav:
-
Søkjar må ha utdanning som barnehagelærar
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Kontaktperson: Einingsleiar Hildebjørg Røssberg, tlf 53403380 / 97552185
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2769053
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1d73a1f1-a919-451b-83c7-edca4fbfede1