Helsefagarbeidar 100 % stilling
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100 % stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Er du helsefagarbeidar og har ei særleg interesse for arbeid med born og unge? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi har ei 100 % stilling ved avdeling barne- og avlastingstenester, og søkjer primært etter helsefagarbeidar , men andre med tilsvarande utdanning kan og verte vurderte. Stillinga er ledig frå og med d.d.
Eining Bu- og Rehabilitering yt i tillegg til barne -og avlasingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsvariasjonar og inkluderer mellom anna fleire buelleskap, dagsenter og avdeling for psykisk helse og rus.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til at brukarane får dekka sine behov, sikre fokus på målretta miljøarbeid
- Ivareta brukar sine ressurser, arbeide for at brukar skal meistre og ha god livskvalitet
- Ansvar for å utarbeide tiltak, og følge opp desse, utarbeiding av prosedyrer og kjennskap til vedtak etter Khol kap 9
- Bidra til å sikre brukarmedverknad
- Eventuelt Legemiddeladministrasjon
- Oppfølging og samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar
- Samarbeid med pårørende
- Primær- og/eller sekundærkontakt arbeid
- Deltaking på samarbeidsmøter, ansvarsgrupemøter og liknande
- Anna arbeid delegert frå leiar
- Eventuelt koordinatorfunksjon
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar eller anna tilsvarande utdanning med norsk autorisasjon
- Relevant praksis med brukergruppa
- Kunnskap til gjeldande lovverk inkludert hotl kapittel 9
- God digital kompetanse
- Førarkort klasse B
- Det er krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Du har ei særleg interesse for å arbeide med målgruppa
- Du er ein trygg vaksen og har gode omsorgsevner
- Du er god til å samarbeide på tvers, både med kollegaer, brukarar og pårørande
- Du kan arbeide godt sjølvstendig, samtidig samarbeide godt i team
- Du er strukturert og systematisk
- Har pågangsmot og kan handtere og stå i utfordrande situasjonar
- Du er lojal, fleksibel og løysningsorientert
- Du har god omstillingsevne
- Du er ikkje redd for å ta i et tak
- Du er fagleg engasjert og held deg fagleg oppdatert
- Du er aktiv bidragsytar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Velle, avdelingsleiar, 94156291, elisabeth.velle@sykkylven.kommune.noLisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4884991118
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Lisbeth Schei Bjørdal
einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2793235
- Hentet fra
talentech
- Referanse
83ed40fa0438498ab6a5fd962c153b4b