100% fast stilling ved økonomiavdelinga
Årdal kommune Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Økonomiavdelinga har ansvar for rekneskap, innfordring, lønn, innkjøp, eigedomsskatt og budsjettarbeidet i kommunen.
Har du relevant høgare utdanning innan økonomi og rekneskap og/eller erfaring innanfor rekneskap, lønn og rapportering så vil vi gjerne sjå deg som søkjar på stillinga.
På økonomiavdelinga er vi til saman 5 tilsette som jobbar med ulike oppgåver innanfor avdelinga sine ansvarsområde.
Arbeidsoppgåver:
- Daglege rekneskapsoppgåver
- Særskilt ansvar for til dømes vederlagstrekk og anna innfordring
- Rettleiing og opplæring av andre tilsette
- Internkontrolloppgåver
- Oppgåver i samband med årsoppgjer og rapportering
- Bidra i innføring av nye IT-verktøy
Kvalifikasjonar:
- Minimum 3årig høgskuleutdanning innan økonomi og rekneskap
- Kjennskap til relevante lover og forskrifter
- Gjerne erfaring med innføring av digitale verktøy og gode excel-kunnskapar
- Særleg relevant erfaring kan likestillast med formell utdanning
Personlege eigenskapar
- Strukturert og ryddig
- Sjølvstendig og effektiv
- God skriftleg og munnleg kommunikasjon
- Fleksibel, i forhold til å bidra der det trengst, for at vi skal levere gode tenester
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Hjå Årdal kommune får du:
- Løn etter utdanning og erfaring jamfør hovudtariffavtalen
- Fleksitidsordning
- Eit arbeidsmiljø med trivelege og kompetente kollega
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang på bedriftshytta på Skeikampen
Me gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktperson Norunn Haugen og Wenche Irene Sjåstad. Me er kanskje ikkje tilgjengelege heile tida på grunn av ferie. Så send gjerne SMS så kan me ringe deg tilbake når det passar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2682168
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3367219_226795_nn