Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Akuttmottak Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Vi har ledig 75% fast stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar!
Ynskjer du å jobbe i ei spennande avdeling med høgt tempo, høgt fagleg fokus og tverrfagleg samarbeid? Då oppfordrar vi deg å søkje på stillinga hjå oss i Akuttmottaket på Volda sjukehus. Oppstart frå 01.02.2025, eller etter nærmare avtale.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Ivaretaking av akutt og kritisk sjuke pasientar og deira pårørande
- Tett samarbeid i tverrfaglege team
- Sjølvstendig utføring av arbeid som sjukepleiar
- Halde deg fagleg oppdatert i avdelinga sin kompetanse- og læringsportal
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel, løysningsorientert og sjølvstendig
- Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
- Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du er systematisk og har gode arbeidsrutiner
- Du har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Hedvig Tone Høydalsvik, Seksjonsleiar, 70058686, hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.noArbeidssted
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4892672435
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819643
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d09273d2f1864301bea0e6b50d95fe05