Helsefagarbeider og miljøterapeut i Tilrettelagte tenester
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider og miljøterapeut i Tilrettelagte tenester
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
5
Ynskjer du deg ein jobb med meining og varierte arbeidsdagar? Tilrettelagte tenester yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar. Arbeidet er svært allsidig, og kan variere mellom alt frå bistand til dagleglivets aktivitetar til fritidsaktivitetar og avlastning for born og ungdom. Tenesta er aukande, og det er særleg behov for medarbeidarar som ynskjer å arbeide med born/ungdom og unge vaksne. Avdelinga er og med i KS-prosjektet TØRN, der tilsette får anledning til å vere med og påvirke eigen arbeidskvardag, turnus m.m.
Vi søkjer deg som har fagbrev som helsefagarbeider, barne- og ungdomsarbeider, eller har relevant 3-årig utdanning.
Desse stillingane er ledige:
- Inntil 3 stillingar i 100 % fast
- Inntil 20.07 % fast helgestilling på avlastninga
- Inntil 41,55 % fast stilling som vaken nattevakt på avlastninga
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov, eller i avlastningsbustad for born og unge
- Utøve målretta miljøarbeid
- Hjelpe og rettleie tenestemottakarar i daglege gjeremål og vere med på fritidsaktivitetar
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig høgskuleutdanning
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Du bør ha førarkort for bil
- Godkjent politiattest må framleggast før du startar
- Kjennskap til målretta miljøarbeid og evne til å arbeide målretta etter tiltak
Personlege eigenskapar
- Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, ta initiativ, vere løysningsorientert og lærevillig
- Vere fleksibel, positiv, ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevne
- Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- God opplæring og veiledning
- Opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- God pensjonsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4822500935
Stillingsprosent: 100, 20,07, 41,55%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2704133
- Sist endret
19. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c163e299208a4cbb99e35ef69e09cde9