Fagkoordinator - Sjukepleiar
Luster omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt i Luster.
Tilsette ved Luster omsorgssenter yter tenester til langtids sjukeheimspasientar og til heimebuande.
Stillingsinformasjon:
- Luster kommune søkjer sjukepleiar til 100% fagkoordinator stilling
- Stillinga har primært dagvakter med arbeidshelg kvar 6. helg.
- Fagkoordinator har ansvar for fagleg kvalitet og koordinering av tenesteytinga
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir
- Heilskapleg pleie og omsorg
- Planlegge, organisere og koordinere pasientforløp
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleie og undervise kollegaer, studentar og lærlingar
- Delta i vedtaksmøte
- Delta i aktuelle møtefora og fagnettverk
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Erfaring/kompetanse innan eldreomsorg er ynskjeleg
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Tilbyr
- Omsorgsbustadar
- Omsorgsplassar med heildøgnstenester for personar med demenssjukdom
- Dagsenter for personer med demenssjukdom måndagar, tysdagar, onsdagar og fredagar