ID 1944 Kontaktperson - Sunnhordland interkommunale barnevernteneste
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Kontaktperson, sosionom, barnevernpedagog
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Det er ledig fast 100% stilling som kontaktperson ved Sunnhordland interkommunale barnevernteneste
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandling etter lov om barnevern
- Gjennomføre undersøkingar
- Iverksetje og følge opp tiltak
- Representere kommunen i rettsinstansar
- Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt
- Det må påreknast noko reiseverksemd og ettermiddags-/ kveldsarbeid.
Kvalifikasjonar:
- Barnevernspedagog eller sosionom. Anna høgskuleutdanning på bachelornivå med relevant erfaring kan vurderast.
- Det er ynskjeleg at du har vidareutdanning innan eit av områda barnevern, spe- og småbarn, minoritets-/ kulturforståing, rus/ psykisk helse.
- Sertifikat klasse B vert krevd.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me legg vekt på at du:
- Har erfaring med barn og unge og arbeid frå barnevernteneste, og har god evne til kontaktetablering i møte med barn, unge og deira nettverk
- Kan jobbe målretta og ha evne til å strukturere eigen kvardag, samt ta sjølvstendige avgjerdsle
- Har evne til å handtera høgt arbeidstempo og stå i relasjonar over tid
- Er initiativrik, løysingsorientert, har gode samarbeidsevne, engasjement og syner god fagleg forståing
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og noko økonomiforståing
- Har kunnskap om aktuelt lovverk
- Er datakunnig og har interesse for system- og kvalitetssikring i dataverktøy
- Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
Du vert del av:
- Eit fagleg fellesskap rundt den enkelte familie
- Ein dynamisk og meiningsfull arbeidskvardag med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Eit fagområde i kontinuerleg utvikling der det er mogleg med påverknad, endring og ny læring
Me kan og tilby:
- Gode pensjon og forsikringsordningar
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For meir opplysingar om stillinga, kontakt Jørund Tvedt tlf 907 62 587 eller jorund.tvedt@stord.kommune.no
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2186443
- Sist endret
12. desember 2022
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1c3a7313-13a8-4e74-8a34-f7e3b75a680f