Rådgjevar kultur og oppvekst
Me har ledig:
Ei spennande 100% fast stilling som rådgjevar kultur og oppvekst. Me søkjer etter deg som vil utvikle og styrke kulturområdet og oppvekstmiljøet i Lærdal, og som ynskjer å spele på lag med kulturtenesta, barnehagane og skulane for å få det til.
Arbeidsoppgåver
- Vere pådrivar for det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagane og skulane
- Støtte barnehagane og skulane i deira arbeid og bidra til samordning og samarbeid, også mot andre tenester
- Gje rettleiing når det gjeld lovverk og sentrale føringar
- Utarbeide og revidere planar
- Prosjektleiing og oppfølgjing
- Kulturminnevern - historiske bygningar og vegar
- Oppgåver innanfor både kultur og oppvekst etter avtale med leiar/samarbeidspartnarar
- Vere kontaktledd mot nasjonale styresmakter og følgje opp styringssignal og utviklingsarbeid
- Utarbeide og revidere planar innanfor oppvekst og kultur
- Sakshandsaming og rapportering til politisk nivå
Krav til/ønskje om kompetanse
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
- Skulefagleg kompetanse er lovpålagd og eit krav til søkjar
- Arbeidserfaring frå kultur og/eller oppvekstområdet
- Erfaring med utviklingsarbeid og prosjektarbeid
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til sjølvstendig og målretta arbeid
- Ryddig, strukturert og engasjert
- Interesse og evne til å setje seg inn i begge fagområda
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Me kan tilby
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Søknadsprosedyre
Søknaden skal sendast elektronisk via vår søkjarportal: www.laerdal.kommune.no
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn som for tida arbeider med heile 30 ulike omstillingsprosjekt.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.