Helgestilling i Heimetenesta
Osterøy kommune
Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling i Heimetenesta
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Om stillinga
- Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledige helgestillingar frå august/september 2024. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling, hjelp til personleg hygiene og liknande.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg til menneske i deira eigen heim
- Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
- Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler
- Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
Kvalifikasjonskrav
- Det er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar også studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg.
- Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen.
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
- Krav om førarkort klasse B
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om bedriften
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2692330
- Sist endret
12. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10217127