Byggeleiar for utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt på fylkesveg
Vi søker etter
Ein utadvendt, initiativrik og samarbeidsorientert byggjeleiar for utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt på fylkesveg, til ei 100% fast stilling i seksjon Vegprosjekt ved fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Vi har ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane. Dette omfattar mellom anna veg, bruer, ferjekaier, tunnelar med meir.
Du får jobbe med mellom anna
byggjeleiing og prosjekteringsleiing av byggje- og vedlikehaldsprosjekt på fylkesveg i Møre og Romsdal og du vil få vere med prosjekta "frå start til mål".
Byggeleiaren må kunne bidra med ulike former for rapportering innan SHA/ YM, økonomi, kvalitet, framdrift og vil jobbe med mellom anna å:
- Starte opp bygge- og vedlikehaldsprosjekt og bidra til etablering av mellom anna prosjektstyringsplanar.
- Leie intern og ekstern byggeplanlegging, prosjektering og utarbeiding av konkurransegrunnlag.
- Ha kontakt med kommunale etatar, grunneigarar og andre aktuelle samarbeidspartnarar
- Styre usikkerheit og etablere anslag og prognoser.
- Kunngjere tilbodskonkurransar, behandle tilbod og inngå entreprisekontrakter.
- Samhandle med entreprenørar gjennom bl.a. samhandlings- og byggemøte.
- Behandle målebrev, fakturaer, endringar og avvik.
- Delta på overtakingsforretning, behandle sluttoppgjer og følgje opp leveransen i garantiperioda.
Vi søker deg som
- har minimum treårig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande.
- er godt kjent med ordinære digitale verktøy.
- har førarkort klasse B.
Personleg eigenskapar blir spesielt vektlagt. Blant annet må du:
- Bruke fagkunnskapen din på ein praktisk måte.
- Vere utviklings- og løysingsorientert.
- Jobbe nøyaktig og målretta.
- Sjå behov og ta ansvar.
- Ha vilje og evne til å samarbeide og involvere interne og eksterne partar.
- Ha god skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
" ei utfordrande og spanande stilling ved Campus Kristiansund
" eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Seksjonen har i dag 21 medarbeidarar fordelt på kontor i Molde og Ålesund, og vi er no i ferd med å etablere eit nytt kontor i Kristiansund. I tillegg har vi ein stor byggherreorganisasjon knytt til bygging av Nordøyvegen. Seksjonen er prosjektorganisert med innhaldsrike og varierte prosjekt. Vi kan tilby eit sterkt fagmiljø og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og kompetent arbeidsmiljø.
Kontorstad for denne stillinga vil primært vere i Kristiansund, men med mogelegheit for kontorstad i Molde eller Ålesund. Du må rekne med reising på anlegg i heile fylket og kontordagar i Molde og Ålesund.
Campus Kristiansund skal bli ein felles campus for utdanning, forsking og innovasjon. Her samlar vi kompetanse frå
næringsliv, offentleg sektor, høg- og fagskule og forskingsinstitusjonar i eit tverrfagleg og nyskapande miljø. Delar av
miljøet er alt etablert i midlertidige lokale i Kristiansund sentrum, fram til første byggetrinn står klart i 2023. Meir
informasjon finn du på www.campusksu.no.
Møre og Romsdal fylkeskommune er ein viktig aktør i Campus Kristiansund, og byggjer opp eit tverrfagleg
kompetansemiljø med om lag 40 stillingar. Dette kompetansemiljøet er ein del av den samla fylkesadministrasjonen i
Møre og Romsdal.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.