Barnehagelærar 2024/25
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stryn kommune har frå barnehageåret 2024/2025 i alt 7 barnehagar. Av desse er 3 i kombinasjon med skule og SFO og 4 sjølvstendige barnehagar.
Det kan bli ledige stillingar for barnehagelærar ved barnehagar I Stryn, både i heil- og deltidsstillingar, fast og vikariat. Behov for tilsetting vil bli klart etter at barnehageopptak for neste barnehageår er klart. Utlysinga er ei fellesutlysing for tilsetting for barnehageåret 2024/25 med oppstart i august 2024.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
Bidra til eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Legge til rette for leik og læring
Delta aktivt i samarbeid med kollegar og føresette
Kvalifikasjonar
Krav om fullført utdanning som barnehagelærar
God norsk kunnskap både munnleg og skriftleg
Relevant praksis vert veklagt
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevne samt evne til sjølvstendig arbeid
Trygg omsorgsperson og god rollemodell
Personlege føresetnader vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Variert og spennande arbeid i eit positivt miljø
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår i KLP
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato
Kontaktinformasjon
Eva Sefland, Nestleiar oppvekst , 91129033Anne-Siv Jevnehagen, HR-avdeling , 57874734
Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4771470013
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2024
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2569296
- Sist endret
16. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b8fda072d6264ed08ced3812d9f9b856