Fagarbeidar/assistent 100% fast stilling
Voss herad Granvin barne- og ungdomsskule
Hardangervegen 2543, 5736 Granvin
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar /assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. mai
Granvin barne- og ungdomsskule ligg i hjartet av bygda Granvin inst i Granvinsfjorden, 20 min køyring frå Voss. Skulen har kring 120 elevar frå 1. til 10. klasse. På SFO er det kring 40 born frå hausten 2024. Skulen er godt vedlikehalde med gode og oppgraderte spesialrom og eit stort og variert uteområde. Me har eit særs godt elevmiljø og eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel. Satsingsområdet vårt er meir leik i undervisninga, uteskule og praktisk undervisning i det utvida klasserommet.
Stillinga er 100% fast på ordinært årsverk, 37,5 t/v og føl ikkje skuleruta.
Arbeidsoppgåver
- Til stillinga ligg oppfølging av born med særskilde behov på skule, SFO og utvida SFO, i tillegg til ordinært elevarbeid i skule og SFO.
- Pedagogar og fagarbeidarar arbeider tett og godt saman gjennom skuledagen.
- Du vil få dyktige og dedikerte kollegaer som set pris på kollegaer med gode samarbeidsevner, høg relasjonskompetanse og som skapar tillit hjå både born og vaksne.
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefag
- Anna relevant kompetanse eller erfaring kan kompensere for dette.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Me ynskjer
- At du tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag. Er engasjert og positiv.
- At du er tydleg overfor borna, samt ein god rollemodell som bygger gode relasjonar, lyttar og ser deira behov.
- At du du bidreg til godt arbeidsmiljø.
- At du er god på relasjonskompetanse. Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse på tilrettelegging for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2630709
- Sist endret
23. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3336525_212973_nn