Hei sjukepleiar! Vil du jobbe i heimetenesta i Hornindal?
Ambulerande heimetenester gruppe 3 er ein kjekke gjeng! Der er eit ledig vikariat for autorisert sjukepleiar i perioda 01.05.24 - 31.05.25. Stillinga har todelt turnus med arbeid på dag, kveld, helg. Frå september er planen å gå over til turnus med langvakter på helg.
Gruppe 3 har base ved Hornindal omsorgssenter og yter tenester til heimebuande. Distriktet omfattar gamle Hornindal kommune, i tillegg til Bjørke, Viddal, Leira, Kalvatn og Osdalen. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Helse- og omsorgstenester til personar i private heimar. Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene. Heimetenesta samarbeider med Hornindal omsorgssenter. Sjukepleiar med ansvarsvakt i heimetenesta kan måtte bidra med sjukepleiaroppgåver inn på sjukeheimen ved behov.Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Må fremlegge tilfredsstillande politiattest
- Må levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose
- Kjennskap til journalsystemet Gerica og generelt gode datakunnskaper er ein fordel
- Søkjar må ha førerkort kl B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som er effektiv og løysingsorientert, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Den rette kandidaten må vere engasjert, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder. Andre kriterier:
- Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
- Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
- Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar.
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
- Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
- Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
- Tilgang til e-læringkurs frå NHI
- Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
- Stillingskode 7174 sjukepleiar
- Rekrutteringstillegg for tilsette med lengre reiseveg enn 2 mil: kr. 40.000 pr år.
Kontaktinformasjon
Jorunn Anne Tomasgard, Seksjonsleiar gruppe 3, 94 86 72 06, jorunn.tomasgard@volda.kommune.noAstrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, +4795770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Urdene 96763 Hornindal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4790642630
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.05.2024
Sluttdato: 31.05.2025
Søknadsfrist: 14.04.2024
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!