Ynskjer du å arbeida med ASK-avdelinga ved Skulestad skule?
Voss herad Skulestad skule
Strandavegen 334, 5710 Skulestadmo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar Skulestad skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 7. februar
Ei fast stilling som 100 % miljørettleiar med oppstart så snart som mogleg. Stillinga vil vere 100 % i skuleåret med reduksjon for stilling som fylgjer skuleåret til 89 %løn etter SFS 2201 pkt. 3.5.
Det er også mogleg at me treng fleire tilsettingar av miljørettleiarar, det vil i så fall bli snakk om mellombelse stillingar.
Skulestad skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer nord for Voss sentrum, skulen har omlag 177 elevar og kring 35 tilsette. Skulen er plassert tett på naturlege omgjevnader, med fjella Lønahorgi og Hanguren, Melsvatnet og alpinanlegget Bavallen i nærleiken. Skulen jobbar kontinuerleg for å ha ein skulekultur som fremjar læring, trivnad og likeverd. Skulen har eit stort uteareal, med eigen sykkelbane, ballbinge, fotballbanar, basketbane, grindbygg og leikeareal. Skulen legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet, og er ofte ute på ute i undervisninga.
Om ASK
ASK (alternativ skulekvardag) er ein styrka avdeling på Skulestad skule der ein tilbyr eit individuelt tilpassa opplæringstilbod gjennom heile veka for elevar med særskilte behov. Ein del av undervisninga er gruppebasert med alternativ tilnærming til kompetansemål. Arbeidsgruppa er samansett av ulik kompetanse og bakgrunn, i gruppa jobbar ein svært tett saman i team.
Me søkjer miljørettleiar med
- Relevant bachelor-utdanning, fortrinnsvis vernepleiarutdanning
- Relevant erfaring frå skule
- Relevant erfaring med born og unge som har særleg behov for tilrettelegging i skulekvardagen.
- Erfaring med å jobbe med born med samansate vanskar
- Erfaring med å jobbe etter MAP-metoden (møte med aggresjonsproblematikk)
- Erfaring med TBO (traumebasert omsorg-tilnærming)
- Søkjarar må ha førarkort for bil i klasse B
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Trivsel og samarbeid er høgt verdsett hjå oss, og for å trivast må du:
- Ha god fagkompetanse og vere god på relasjonsbygging
- Du må vere positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Du må samarbeide godt med andre og like å jobbe godt i team
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe elevar som har behov for støtte i undervisninga
- Leie eller delta i planlegging
- Gjennomføring av aktivitetar som støttar elevar sin læring
- Støtte elevane i leik og samvær med andre elever
- Jobbe med spesialundervisning opp mot enkeltelevar
- Vere ein omsorgsfull rollemodell.
- Samarbeide med kontaktlærar og andre kollegaar
- Samarbeide tett med heimen til elevane
- Jobbe med faglege og sosiale mål med enkeltelevar eller elevar i liten gruppe
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit svært godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Eit godt kollegium
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit svært godt tverrfagleg- og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2842766
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3456383_212643_nn