Helsefagarbeidar
Luster kommune Luster omsorgssenter
Dalsdalen 1, 6872 Luster
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Luster omsorgssenter.
Stillingsinformasjon
- Luster omsorgssenter, sjukeheim, har ledig fast 60% stilling som helsefagarbeidar
- For stillinga gjeld todelt turnus med arbeid kvar 3. helg, evt. langvakter med kvar 4. helg
- Me har og ledige helgestillingar for assistentar/helsefagarbeidarar
Arbeidsoppgåver:
- Pleie og omsorg til langtidspasientar
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Samarbeid med andre yrkesgrupper på omsorgssenteret
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som helsefagarbeidar
- Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
- Ønskje om erfaring frå eldreomsorg
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Løysingsorientert
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Tilbyr
- Omsorgsbustadar
- Omsorgsplassar med heildøgnstenester for personar med demenssjukdom
- Dagsenter for personer med demenssjukdom måndagar, tysdagar, onsdagar og fredagar
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2626689
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3337067_219709_nn