Sommarvikar - Lagerarbeid hos Behandlingshjelpemidler (BHM)
Behandlingshjelpemidler, Helse Fonna HF
Raglamyrvegen 11, 5536 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommerjobb på vårt lager
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. mars
Hos oss handterer vi utstyr og forbruksmateriell som blir brukt i medisinsk behandling heime hos pasientar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og imøtekommande. Og har du erfaring med lagerarbeid, så er det heilt perfekt!
Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg! 😊
Arbeidsoppgåver
- Lagerarbeid som plukking/ pakking av varer
- Forsendelse av varer
- Varemottak og inn og utmelding av varer gjennom vårt IT system.
- Påfylling av utstyr i hyller.
- Noko kjøyring av medisinsk teknisk utstyr og forbruksmateriell til sjukehusavdelinger .
Kvalifikasjonar
- Må beherska norsk skriftleg og munnleg flytande.
- Gode datakunnskaper.
- Førarkort klasse B.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, imøtekommande og møter både pasientar, pårørande og kollegaer med eit smil. Du held eit positivt fokus, finn gode løysingar og gjer ditt beste for at ting skal flyte godt i kvardagen.
Du jobbar sjølvstendig og tar ansvar for oppgåvene dine. Samtidig trivst du med struktur og orden – du er nøyaktig, systematisk og ser verdien av gode rutinar for å sikre kvalitet i arbeidet.
Gode kommunikasjonsevner er viktig i denne rolla. Du evnar å formidle tydeleg og forståeleg, og du lyttar til andre for å sikre godt samarbeid.
Kvifor skal du velje oss?
- Du blir del av eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer som støttar og hjelper kvarandre.
- Vi legg vekt på samarbeid og trivsel, slik at alle kan gjere ein god jobb og ha det fint på arbeid.
- Du får god opplæring i våre IKT-system, slik at du blir trygg på dei verktøya du treng i kvardagen.
- Løn blir gitt i samsvar med gjeldande overeinskomst, og du får dei rettane og fordelane som følgjer med stillinga.
Kontaktinformasjon
Runar Gjertsen, Avdelingsleiar, +47 52734650Arbeidsstad
Raglamyrvegen 115536 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4912577664
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Runar Gjertsen
Avdelingsleiar
+47 52734650
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864391
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b5463e52286c4305b9222ac4d5110be6