Miljøterapeutstillingar i Bu- og aktivitetstenesta
I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledig miljøterapeutstillingar, både faste og vikariat, opp mot 100% stilling.
Stillingane er ledig for vernepleiarar. Anna aktuell kompetanse i miljøterapeutstillingane er anna 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning.
Om du blir ferdig med utdanninga di i 2023, så send gjerne ein søknad.
Stillingane inngår i turnus, nokre stillingar er f.t lagt til natt.
I nokre av boligane er det nødvendig å tilsette menn, i andre er det aktuelt å tilsette kvinner.
Vi bed om at du skriv i søknaden din kva stillingsprosent du ønskjer.
Arbeidsoppgåver:
- miljøarbeid og praktisk bistand etter gjeldande retningslinem
- rapportere og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldande lovverk
- opplæring og kollegaveiledning
- vere delaktig i fagleg utvikling i Bu- og aktivitetstenesta
- legemiddelhandtering
- samarbeid med pårørande og verger
- administrative oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar:
- vernepleiar eller anna 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning eller pedagsosk utdanning på høgskulenivå
- det er ønskjeleg med erfaring med og interesser for brukargruppa
- interesse for å bruke data- og dokumentasjonsverkty vi har
- du er fagleg trygg og har evne til å arbeide sjølvstendig men òg ilag med andre
- du må kommunisere godt på norsk, skriftleg og muntleg
- tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart
- det er krav om førarkort kl. B
Personlege eigenskapar vi legg vekt på at miljøterapeutane våre har:
Du er ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig. Det er viktig å ha evne til å sette brukarane og deira behov i sentrum for arbeidskvardagen. Det fordrar m.a god omsorgsevne, samtidig som du er ansvarsbevisst og kan arbeide systematisk og planmessig.
Å vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmlijø, er ein eigenskap vi vektlegg.
Vi har:
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Link til søknadsskjema: Søk her