Kan du hjelpe til med å leggje til rette for god flyt mellom det politiske og administrative nivå i Finansdepartementet, og vere olje i maskineriet ?
Sekretærfunksjonen spelar ei viktig rolle i saks- og informasjonsflyten, både internt i departementet og mot eksterne aktørar. Som sekretær vil du oppleve at oppgåvene er varierte, du kjem til å bistå med møteplanlegging, halde orden på kalendrar og dokument, kommunikasjon med Stortinget, andre departement og Statsministerens kontor og andre typiske sekretærfunksjonar. Stillinga inngår i eit team med sekretærar med tenesteyting til departementets politiske leiing, finansråden og fagavdelingane. Dine viktigaste oppgåver vil vere knytte til arbeidet i statsrådseksjonen opp mot politisk leiing, men du vil også ha faste oppgåver for fagavdelingar. Til tider hender mange ting parallelt, og du må like ein hektisk kvardag.
For å lukkast i stillinga må du
• ha relevant utdanning eller erfaring med liknande arbeid
• tole tidvis stort tempo
• like ein uføreseieleg kvardag med raske endringar
• vere i stand til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og nøyaktig
• ha gode samarbeidseiganskapar også når det er travelt
• ha god IKT basiskompetanse
• kunne sikkerheitsklarerast iht. sikkerheitslova
Lønn: kr 450 000,- til kr 550 000,- + betalt overtid. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
For meir informasjon, kontakt våre rådgjevar i Experis Executive, Wenche Rasch , mob. 995 95 013 eller avdelingsdirektør Henning Søndergaard , Finansdepartementet (Administrasjonsavdelinga), mob. 976 61 416.
Søknad og CV må registrerast elektronisk innan 07.04.2019. på www.experis.no.
Finansdepartementet er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein arbeidsplass som spegle befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn og funksjonshemjing, hòl i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-bedrift, og i dette ligg det blant anna at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det.
Attestar, karakterutskrifter og vedlegg må ettersendast ved førespurnad.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.
Søk på stillingen
Klikk Søk Stilling for å komme til vår hjemmeside hvor du kan registrere din CV og søke stillingen.
Om bedriften
Finansdepartementet har ansvar for å planleggje og setje i verk den økonomiske politikken. Dette er eit departement med ei allsidig og viktig rolle overfor fagdepartementa