Bli ein del av vårt team som sjukepleiar eller vernepleiar
Sikkerhetspost, Valen sjukehus
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hos oss får du sjansen til å arbeide med alvorleg psykisk sjuke pasientar som er innlagde under tvungen psykisk helsevern. Avdelinga har eit samfunnsoppdrag med å gi trygg og effektiv behandling samtidig som vi ivaretek samfunnets behov for sikkerhet.
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje god omsorg og behandling. Pasientane våre kan ha både lange og korte opphald, men det er alltid god tid til å bli kjend med kvar enkelt sine ressursar, bakgrunn og behov.
I vår avdeling har kvar pasient eit tverrfagleg team beståande av miljøpersonal, psykiatar, psykolog, aktivitør og sosionom. Saman jobbar vi for å finne den beste balansen mellom pasientens utvikling og tryggleik for alle.
Sikkerhetsposten på Valen sjukehus har ansvar for å behandle pasientar frå Helse Fonna HF sitt opptaksområde. Pasientar som vert innlagt er underlagt tvungen psykisk helsevern etter §3.3/ §3.2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5 i lov om psykisk helsevern.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Søk i dag og bli ein del av vårt engasjerte team på Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar eller vernepleiar vil du:
- delta i sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost
- delta i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar.
- arbeide med relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring.
- få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.
- vere med på å vurdere og lage handteringsplanar i forhold til valdsrisiko.
- utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus er ønskeleg.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- etterspør rettleiing
- er lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Du vil få ei grundig opplæring
- Kurs i MAP - møte med aggresjonsproblematikk
- Opplæring i voldsrisikovurdering
- Studieveke 35,5 timer årleg i 100% stilling når du har jobba eit år på posten
- Fagleg og personleg utvikling
- Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for
inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Monica Lindseth, Funksjonsleder, +47 53466483Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4862912207
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2750635
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b9e0fa764b8e4bd1a00290ca78ba9105