Lærarar ved Eid ungdomsskule
Presentasjon av stillingen :
Barn og unge i Eid skal få nytte og utvikle evnene sine i ein trygg oppvekst med rom for alle. Barn og unge i Eid skal bli sjølvstendige menneske med god fysisk og psykisk helse. Eid kommune skal hjelpe barn og unge til å meistre viktige utviklingsoppgåver, både fysisk, sosialt og kognitivt.
Eid ungdomsskule ligg i Nordfjordeid sentrum. Skuleåret 2019-2020 vert det ca 250 elevar på 8.-10. trinn og ca 35 tilsette. Elevane kjem frå 5 barneskular.
Vi ønskjer søkjarar med god formell utdanning, og dei som blir tilsette må kunne leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte. Tilsette vil kunne bli tillagt kontaktlæraransvar.
- 170 % faste lærarstillingar frå 01.08.2019
- 100 % vikariat som lærar ved sjukdom og fråvær i perioden 01.08.2019-31.07.2020
- 100 % vikariat som lærar ved permisjon i perioden 01.08.2019 - 31.07.2020
- Det kan bli andre ledige stillingar
Oppgåver:
- Medverke til å utvikle eit godt, fagleg opplæringstilbod
- Medverke til å drive gode forbetrings- og endringsprosessar
- Medverke til å utvikle gode samarbeidskulturar
- Leie elevgrupper på ein god sosial og fagleg måte
- Medverke til god tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
Kvalifikasjonar:
Frå hausten 2019 treng skulen at det vert tilsett personale med kompetanse innan: engelsk, kunst & handverk, kroppsøving, samfunnsfag, KRLE, matematikk, naturfag og programmering.
- Grunnskulelærar 5-10 eller faglærar
- Gode samarbeidsevner
- Evne og vilje til å samarbeide i team
- Er sjølvstendig og systematisk
- Har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- God pensjons- og forsikringsordning
Eid kommune har 6 månadar prøvetid.
For meir informasjon om stillingane, ta gjerne kontakt med rektor Norunn Kjøsnes på tlf. 578 63 751.
Frå 01.01.2020 vert Eid og Selje kommunar slått saman til Stad kommune. Dei tilsette vil bli overførte til den nye kommunen frå denne datoen.
Du søkjer ved å bruke lenkje du finn i denne annonsen. Vi ber om at attestar og vitnemål, samt referansar blir lasta opp ilag med søknaden. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Søknadsfrist er 03. mars 2019 . Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Norunn Kjøsnes, Tlf: +47 57 86 37 51 , Mobil +47 57 86 37 51 , Epost: norunn.kjosnes@eid.kommune.no
Om bedriften
Eid kommune har om lag 6000 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Innanfor ein time finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40.000 - 50.000 menneske. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Eid er ein veldriven kommune med full barnehagedekning og er i landstoppen i skule. Kommunen har ledige bustadtomter, nytt omsorgsenter, fleirbrukshall og park med badeanlegg. Eid er stolt vertskommune for Malakoff rockfestival og Opera Nordfjord. I Eid vil du møte eit lokalsamfunn som skil seg ut frå hopen. Eid er stort nok til å gi deg rom og leve ut draumane dine, og lite nok til å sjå deg og ta vare på deg.