S-02 Fellesutlysing lærarstillingar-fast/vikar,frå 01.08.20
Tysvær kommune har 8 grunnskular med ca. 1700 elevar fordelt på 5 barneskular, 2 kombinerte skular og ein ungdomsskule.
Frå 01.08.2020 treng vi fleire dyktige og inspirerande lærarar både i faste stillingar og i årsvikariat. Elevane i Tysværskulen bruker iPad og PC 1:1 i undervisninga, og elevane skal oppleve meistring gjennom bruk av digitale læremiddel og verktøy på ein aktiv og innovativ måte.
Vi søker
Visjonen for Tysværskulen er "Læring for livsmeistring", og vi har som mål å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Vi treng difor dyktige og engasjerte lærarar med god relasjonskompetanse, som er trygge i klasseleiarrolla og har god fagkunnskap.
Vi søker etter deg som er ein tydeleg læringsleiar med høge ambisjonar for elevane si læring. Profesjonsfellesskap og godt samarbeid med kollegaer og skuleleiing er sterkt vektlagt.
Kvalifikasjonar
Krav om godkjent undervisningskompetanse (Opplæringslova §10-1 jfr. forskrift til opplæringslova §14) og tilfredsstillande politiattest
Lønnsvilkår
Løna blir fastsett etter reglane i Hovudtariffavtalen og etter utdanningsstatus og ansiennitet.
Søknad sendes
Søkarar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen si nettside: tysver.kommune.no.
Spørsmål om korleis du søker, kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen.