Jordmor
Helse og koordinerande eining, Sande kommune
Prestegardsvegen 31, 6084 Larsnes
Om jobben
Stillingstittel
Jordmor
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sande kommune har ledig 30% stilling som jordmor ved helsestasjonen vår - stillinga kan kombinerast med anna stilling i Sande kommune. Vi har i dag ledige stillingar i både institusjonsteneste, heimeteneste og i bu og habilitering. Ein må då rekne med skiftarbeid og arbeid på helg.
Helsestasjonen er lokalisert ved Nygla i Sande og deler lokale med legesenter, bibliotek og anna. Vi er i dag 3 helsesjukepleiarar og helsestasjonslege i deltidsstilling ved helsestasjonen og er tilknytt kommunepsykolog gjennom samarbeid med Ulstein kommune.
Sande kommune er oppteken av å skape moglegheit for heiltidsarbeid. Om du ønsker kan stillinga kombinerast med ledig sjukepleiarheimel i heimetenesta.»
Vi ynskjer å gjere potensielle søkjarar merksame på at vi samstundes med stillingsutlysninga jobbar med å kartlegge moglege interkommunale samarbeid om jordmor-tenester.
Arbeidsoppgåver
- fylgje opp og utføre lovpålagte oppgaver i tråd med nasjonale retningslinjer for svangerskapsomsorg
- informere, rettleie og støtte gravide og hennar partnar ut frå individuelle behov
- gjennomføre heimebesøk og følge opp etter fødsel
- andre oppgåver det er behov for ved helsestasjonen
Kvalifikasjonar
- uutorisert jordmor
- relevant arbeidserfaring, det er ein fordel om du har erfaring frå både primær- og spesialisthelsetenesta
- gode IKT-ferdigheiter
- god i munnleg og skriftleg norsk
Personlege eigenskapar
- Du trivast og har ynskje om å vere jordmor i kommunal helse og omsorgsteneste.
- Det er naturleg for deg å møte innbyggjarane som einskildindivid og ynskjer å vere ein del av kollegiumet på helsestasjonen.
- Du ser viktigheita av å samarbeide med andre tenester og deltek i samarbeid for å gi samla og koordinerte tenester til dei innbyggjarane som har behov for det
- Du er positiv.
- Du er god til å bygge relasjonar.
- Du er fleksibel.
Vi tilbyr
- lønn etter avtale
- engasjerte og dyktige kollegaer
- gode lokaler og utstyr
- spanande arbeidsoppgåve og faglege utfordringar
Kontaktinformasjon
Wenche Brit Thorseth, Einingsleiar, +47 91625895Arbeidsstad
Prestegardsvegen 316084 LARSNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 4858157437
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 13.10.2024
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2753140
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eea9b96db67e4f15ba229e29e45f3a6a