Vikariat for sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4104703596 Presentasjon av stillingen:
Medisinsk poliklinikk undersøker og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeider tett med kring 20 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre. I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.
Poliklinikken har ledig eit 70% vikariat for sjukepleiar, der arbeidet hovudsakleg er knytt til TBC koordinering og lungesjukepleie.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere TBC arbeidet i Sogn og Fjordane. Ha tett kontakt med kommunehelsetenesta.
- Delta i tverrfagleg oppfølging av lungesjuke pasientar
- Oppfølging av kvalitetsregister kan verte aktuelt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Utdanning/erfaring innan lunge- og infeksjonssjukepleie er relevant
Utdanningsretning
- Helsefag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Eit fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Anne Marit Sølvberg Rygg, Seksjonsleiar, (+47) 958 25 538
Arbeidsstad
Førde Sentralsjukehus
6807 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4104703596
Stillingsprosent: 70%
Startdato: 02.09.2019
Søknadsfrist: 05.08.2019
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.