Embete som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Statens Hus, Kaigaten 9, 5020 Bergen, Skulegata 11A, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Embete som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidsoppgåver
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere:
- Planlegge for gjennomføring av tildelte saker på ein effektiv måte
- Leie rettsmøte
- Leie rettsmeklingar
- Skrive avgjerder i eigne saker
- Bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap i erfaringar
Det er vanleg praksis i jordskiftedomstolane at ein hjelper kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensene. Det kan derfor verte aktuelt å ta saker utanfor eige sokn.
Kven er du?
Krava vi stiller for å bli jordskiftedommar er:
- Jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå som fyller vedtekne kompetansekrav
- Brei yrkes- og livserfaring er ønskeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og menneska du vil møte
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig, med eit språk alle kan forstå
- Analytiske evner kjem godt med, sakene er komplekse og krev eit trena auge
- Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha god gjennomføringsevne og evne til å ta vanskelege avgjerder
- Du må vere fleksibel, med 7 dømmande årsverk blir det til at ein må trå til litt ekstra ved behov
- Du må ha fokus på aktiv saksstyring og saksbehandlingstid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Du må vere norsk statsborgar. Det vert kravd ein uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Kva tilbyr vi
Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:
- Eit stort rom for fagleg utvikling, du vil jobbe i kjernen av utviklinga av jordskiftefaget.
- Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar.
- Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
- Fabelaktig natur i nærområdet, som du kan nyte både i jobben og på fritida
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
Ved tilsetting vert lønnstrinn 84 tilbydd, jf. hovudtariffavtale. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
Skyss- og kostgodtgjering etter Statens regulativ.
Jordskifteretten har ei felles bilordning, og søkaren må ha førarkort for bil.
Om oss
Domstolane utgjer den tredje statsmakta. Noreg har 49 domstolar med om lag 2000 tilsette. . Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Les meir om jordskifterettane her: https://www.domstol.no/no/jordskifterettene/.
Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedommar, organisere felles bruk av eigedommar, klarlegging av rettstilhøve, grenser til fast eigedom og ein rekke skjønn.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og styresmakter, men også mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjerder, uavhengig av utfall. Hjå oss kan kvar og éin få avgjort si sak, satt strek og koma seg vidare.
Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar bruker vi tid på å djupdykke ned i jussen. Arbeidskvardagen er prega av variasjon. Éin dag er vi ute på synfaring, ein annan dag leiar vi retten eller er på kontoret og skriv dom. Med andre ord trivst vi i både støvlar og sko.
Generelle avgjerder
Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i søknadsportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Les meir om moglegheitene for positiv særhandsaming på www.dfo.no.
Vi gjer merksam på at søknaden berre vil bli vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Sørg difor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er beskrive i annonsen.
Personopplysningar i søknad og CV til stillinga vert handtert i samsvar personopplysningslova. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli gjorde offentlege, sjølv om søkar har bede om konfidensiell handsaming. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/no/innstillingsradet/.
Den som blir utnemnt må utan erstatning finna seg i dei endringane som måtte bli gjort i domstolane sin forretningskrets og organisering, f.eks. samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føra til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Generell informasjon til søkarane finn du på www.domstol.no/no/innstillingsradet/. Ver vennleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga utlyst.
Om bedriften
Vil du ha ei stilling der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver, samtidig som du har ei viktig samfunnsrolle?
I rolla som jordskiftedommar vil du handsame sakar om mellom anna vegrettar, jaktrettar og eigedomsgrenser. Mange av partane er sjølvprosederande, så i tillegg til jordskiftefagleg kompetanse, må du bruke mellommenneskeleg kløkt og evne til å formidle jussen på ein folkeleg måte.
Ei anna svært positiv side ved denne jobben er variasjonen gjennom arbeidskvardagen - og då tenkjer vi verken på dei jordskiftefaglege problemstillingane eller partane du møter, men korleis jobben er. Du kan sitje på kontoret den eine dagen og vere på synfaring den andre. Ja, du kan nyte den herlege naturen rundt Bergen, Voss og Hardanger som ein del av arbeidstida. Og få betalt for det.
Om du finn dette interessant, er det ledig eit embete som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett. Tiltreding etter nærare avtale.
Jordskifteretten er lokalisert på rettsstadene Bergen og Voss. Kontorstad for stillinga vil vere valfri.
Hordaland jordskifterett dekker kommunane Askøy, Alver, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden. Domstolen har i dag til saman 7 dømande årsverk og ei samla bemanning på 15 årsverk.
Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadene i rettskrinsen.
Sektor
Offentlig
Nettsted