Kontaktperson ved Indre Nordmøre barneverntjeneste, vikariat i 100% stilling
Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat
Antall stillinger
1
Indre Nordmøre barneverntjeneste for kommunane Surnadal, Rindal, Tingvoll og Sunndal, har ledig vikariat i 100% fagstilling i om lag eit år.
Vikariatet er ledig for snarleg tiltreding.
Vertskommune for samarbeidet er Surnadal kommune og barneverntjenesta er organisert med kontorstader både i Sunndal og Surnadal.
Barneverntjenesta er organisert i tre team med eigne teamleiarar:
- To team (eit i Sunndal og eit i Surnadal) som arbeider med avklaring av meldingar, undersøkingar og hjelpetiltak for barn som bur heimel. Begge teama har eigen teamleiar
- Eit team som arbeider med tilsyn, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen
Arbeidsoppgåver
- saksbehandling etter lov om barnevern
- systematisk samarbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, også i nært samarbeid med andre
- utstrakt kontakt med barn og foreldre/føresette, der medverknad blir vektlagt
- fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket
- forberede, gjennomføre og følge opp saker i fylkesnemd og andre rettsinstansar
Kvalifikasjonskrav
- utdanning som barnevernspedagog eller sosionom
- anna bachelorgrad kan bli vurdert om ein har vidareutdanning eller master som er relevant for arbeidet i barnevernet
- ønske om barnevernfagleg arbeidserfaring
- du må ha førarkort kl.B og disponere eigen bil, men vi har tenestebilar tilgjengeleg
- tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
Det vil frå 01.01.2031 bli stilt krav om barnevernfagleg masterutdanning eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.
Kompetansekravet er også oppfylt av personell som har relevant bachelorutdanning og som innan 1.januar 2031, kan dokumentere minst 4 år med arbeidserfaring og som har gjennomført ei barnevernfagleg eller anna relevant vidareutdanning med minst 30 stp.
Surnadal kommune vil vere med å legge til rette for at kompetansekravet som kjem i januar 2031, kan realiserast.
Personlege eigenskapar og fortrinn vi ønskjer at du har
- kan arbeide sjølvstendig og strukturert og er handlekraftig
- god på kommunikasjon og greier å få til samarbeid
- greier å stå i pressa situasjonar over tid og er i stand til å handtere følelsesmessige påkjenningar
- er venleg og imøtekomande men samtidig tydeleg
- tenkjer heiltheiltleg og har stor arbeidskapasitet
- har god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
Ved tilsetting blir det gjort ei samla vurdering av krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2699801
- Sist endret
1. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3378725_185517_nn