Lærling i trebåtbyggjarfaget
Vi har ledig plass for
LÆRLING I TREBÅTBYGGJARFAGET
Bakgrunn/ kvalifikasjonar:
• Formelle kvalifikasjonar, som vidaregåande utdanning frå båtbyggjarfag (Vg 2), alternativt VK I/VK II frå trebåtbyggjar/snekker/tømrar.
• Og/eller: Praksis frå desse faga, eller nærliggande fag.
• Og/eller: Arbeid eller kurs relatert til båt.
• Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og handverk.
Læretid vil vere avhengig av godkjend skulegang og praksis.
Løn etter avtale.
Tilsetjing august 2020 eller etter avtale.
Søknad med cv og relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til: personal@hvm.museum.no
eller pr. post til: Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund
innan 31.1.2020
Spørsmål i høve stillinga kan rettast til Avdelingsleiar Åsmund Kristiansen, tlf. 917 46 811.
Sjå og nettstaden www.fartoyvern.no
Om bedriften
Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv med restaurering
av verneverdige fartøy, museum, vern og vidareføring av gamle handverk, fagopplæring,
maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. HFS eig og driv
hardangerjakta Mathilde. HFS er lokalisert i Norheimsund og har omkring 35 medarbeidarar.