Helgastillingar/tilkallingsvikar
Kan du tenke deg ei helgastillling eller vere tilkallingsvikar her hos oss på avdeling 3?
Vi har bruk for deg som ønsker å hjelpe andre og gjere ein forskjell for eldre som bur på institusjon. Her får du moglegheit for læring og utvikling i eit sosialt og triveleg arbeidsmiljø.
Avdeling 3 treng både tilkallingsvikarar og har ledige stillingar på helg. På helg er det mogleg å få jobbe langvakter. Vi kan også tilby overnatting til ein billig pris. Er du student og ynsker å ha ein helgejobb saman med studiene, kan dette vere jobben for deg.
Avdeling 3 har totalt 26 plassar fordelt på 3 grupper. Langtidsplassar, korttidsplassar/rulleringsopphald og ei gruppe med skjerma eining for demens.
Høyres dette interessant ut, kan du ta kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillingane.
Arbeidsoppgåver
Yte helsehjelp, miljøarbeid og dagleg omsorg til den enkelte bebuar, etter den enkelte sitt behov
Utføre dagleg stell/pleie etter bebuarane sin tiltaksplan
Hjelp og tilrettelegging i ernæringssituasjon
Ta iniativ til aktivitet med bebuarane
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Dokumentere i kommuna sitt dokumentasjonssystem (Gerica)
Arbeide i tråd med kommuna sitt reglement og etiske retningslinjer
Kvalifikasjonar
Interesse for å jobbe med eldre
Helsefagleg utdanning/erfaring (ikkje eit krav, opplæring blir gitt)
Kunne arbide sjølvstendig og i team
Beherske norsk munnleg og skriftleg
Beherske IKT som arbeidsverktøy (aktuell opplæring blir gitt)
Pliktoppfyllande og til å stole på
Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
Positiv og blid
Lojal og ansvarsfull
Stå på vilje
Interesse for å jobbe med mennesker
Løysningsfokusert og lyst til å lære nytt
Gode samarbeidsevner
Jobbe effektivt, kreativt, strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med moglegheit for utvikling og læring
Kan tilby langvakter på helg
Løn etter gjeldane tariffavtale, gode pensjonsordningar
Overnattingstilbod i komprimert turnus til ein rimeleg penge, døgnpris; ein hundrelapp
Kontaktinformasjon
Karen Birte Bjørlykke, Sjukepleiar/tillitsvalgt, 91865372Rose-Mari Thunem Nygård, avdelingsleiar avd. 3, +47 48246904
Arbeidsstad
Rådhusvegen 206143 Fiskåbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4690020855
Stillingsprosent: 12%
Fast
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!