Familieterapeut/Familierettleiar
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Familieterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid
Antall stillinger
1
Om stillinga
Familiens hus på Osterøy styrkar barn og familieteamet med ein ny stilling som familieterapeut/familierettleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå snarast.
Barn og familieteamet er ein del av Familiens hus på Osterøy som tilbyr tenester til barn og unge i alderen 0-18 år og deira familiar. Familiens hus består av PPT, Barneverntenesta, Helsestasjon/skulehelsetenesta og Barn og Familieteamet.
Denne stillinga har som føremål å styrke og bidra til å auka innsatsen vår i arbeidet med barn, unge og deira familiar. Stillinga vert plassert i barn og familieteamet. Hjå oss vil du verte ein del av eit tverrfagleg og utviklande fagmiljø. Stillinga vil arbeida på oppdrag frå vår interkommunale barnevernteneste, som er Vaksdal, Modalen og Osterøy kommune.
Stillinga vil i hovudsak arbeide med familierettleiing på bestilling frå barneverntenesta og som lavterskeltilbod. Barn og familieteamet arbeidar og med fosterheimsveiledning og oppfølging av ungdom på ettervernsvedtak.
Arbeidsoppgåver
- Familieveiledning og annet klinisk arbeid med barn, ungdom og deres familier
- Oppfølging av ungdommar over 18 år med vedtak på ettervern
- Veiledning av fosterheim
- Drift av gruppetilbud, undervisning og veiledning
- Tverrfagleg arbeid internt og eksternt
Vi tilbyr
- Varierte og spennande oppgåver
- Fokus på fagleg utvikling
- Tverrfagleg samarbeid
- God pensjons/forsikringsordning
- Fleksitid
- Arbeid på inntil to ettermiddag/kveld må påreknast i henhald til vedtak og tiltaksplan frå barneverntenesta.
- Lønn etter utdanning og praksis
- Ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi gjer oppmerksame på at opplysningar om søker kan bli offentleggjort sjølv om søker ber om å bli unntatt frå offentleg søkarliste, jmf. Offentleglova, § 25, 2. ledd. Søker vil å så fall bli varsla om dette.
Kvalifikasjonskrav
Utdanningskrav:
- Krav om bachelor i sosialfag, evt. annan 3 åring utdanning kan vurderast dersom relevant erfaring
- Krav om 60 stp. i familieterapi, eller annan relevant vidareutdanning, evt. relevant masterutdanning
Anna krav:
- Krav om førarkort klasse B, og må disponere eigen bil.
- Grunnleggande IKT kompetanse
- Gyldig politiattest må fremlegges før tiltredelse
Ønskelege krav:
- Ønske om barnevernserfaring
- Erfaring frå familieveiledning og/eller miljøterapi
- Ønskelig med kompetanse og erfaring frå bruk av relevant metodikk
- Ønskelig med erfaring med drift av grupper
Dine personlege eigenskapar
- Evne til å møte menneskjer med varme og respekt
- Engasjement for medverking og brukarstyrte tenester
- Robust og ha god arbeidskapasitet
- Evne til å jobbe heilskapleg med barn og deira familiar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
- Du er rik på initiativ, er engasjert og løysingsorientert
- Du har evne til målretta, systematisk og metodisk arbeid
- Du har evne til fagleg og etisk refleksjon
- God skriftleg og munnleg førestellingsevne
- Personleg eignaheit for stillinga og samansetning av personalgruppa som heilskap vil vektleggast
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2648104
- Sist endret
14. juni 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10210229