Hjelpepleiar/helsefagarbeidar/miljøarbeidar
Kviteseid kommune
Kviteseid kommune
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Søknadsfrist: 08.10.2020 Ved eining for funksjonshemma er fylgjande stilling ledig:
Hjelpepleiar/helsefagarbeidar/miljøarbeidar, ID 1051. 13,15 % fast helgestilling, tilsetjing frå d.d. Det er ynskjeleg at den som får stillinga har moglegheit til å ta ekstravakter ved sjukdom og ferie.
Stillinga er i bustad for eldre menneske med utviklingshemming og funksjonshemming. 35,5 t/v.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid
- Pleie og omsorg
Kvalifikasjonar:
- Relevant helsefagleg utdanning
- Fagleg engasjement
- Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi ynskjer søkjerar som har:
- Kompetanse i dataprogrammet PROFIL
- Evne til målretta og sjølvstendig arbeid
- Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre
- Førarkort klasse B
Vi kan tilby:
- Spanande og omfattande fagleg utfordringar
- Arbeid i eit godt miljø
- Løn etter gjeldande avtale
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
707015
- Sist endret
9. oktober 2020
- Hentet fra
Kommuner.i.Telemark
- Referanse
/hjelpepleiarhelsefagarbeidarmiljoearbeidar.6333533-480321.html